20202_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20202
Rekordstor fangst av kolmule
statistikk
2003-08-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2003, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordstor fangst av kolmule

Førebelse tal viser at på dei seks første månadene i år er det teke 29 prosent meir kolmule enn i heile 2002. Fangstane av kolmule var 717 000 tonn til ein verdi av om lag 616 millionar kroner. Dette tilsvara 48 prosent av all fiskefangst, men berre 14 prosent av fangstverdien. Kolmulen er ein viktig industrifisk, så omtrent heile fangsten går med til mjøl- og oljeproduksjon.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 1. halvår 2003*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 1. halvår 2003*. Prosent

Norske fartøy leverte snautt 1,5 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er ein nedgang på om lag 10 prosent samanlikna med førebelse tal 1. halvår 2002. Førstehandsverdien av fisket gjekk ned frå 6,1 milliardar til 4,3 milliardar kroner.

I tillegg til kolmule auka fangstane av sei og uer med høvesvis 22 og 7 prosent i forhold til 1. halvår 2002. Elles har det vore nedgang for dei aller fleste fiskeslaga.

Sildefangsten gjekk ned med 23 prosent til 185 000 tonn. Førstehandsverdien sank til om lag halvparten av verdien samanlikna med 1. halvår 2002.

Det blei fiska 161 000 tonn torsk i 1. halvår 2003. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 1. halvår 2002. Førstehandsverdien gjekk ned frå 2,3 milliardar kroner til 1,6 milliardar kroner. Dette tilsvarar 11 prosent av den totale fangstmengda og 37 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.

Av den totale fangstmengda gjekk 57 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 24 prosent og 9 prosent av fangsten blei salta.

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2002-2003. Tonn. 1 000 kroner
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
  2002* 2003* 2002* 2003*
I alt       1 653 061       1 480 594       6 030 342       4 290 165
Torsk  178 798  161 429 2 255 965 1 625 597
Hyse 26 421 25 502  284 336  174 105
Lange 8 008 8 303  116 018 86 558
Sei 95 262  115 999  487 283  431 846
Blåkveite 5 186 5 300 61 888 73 031
Uer 10 064 10 744 49 902 51 254
Lodde  427 504  172 698  519 973  195 943
Augepål 9 114 5 773 7 765 4 444
Kolmule  417 091  717 405  420 583  615 623
Tobis  170 833 20 477  157 952 16 530
Sild  240 381  184 498 1 060 629  496 085
Annan fisk1 32 600 29 554  266 768  229 524
Reke 31 800 22 912  341 280  289 625
1  Medrekna skaldyr og skjel.
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten.
1. halvår 2003. Tonn. 1 000 kroner
        Tonn rund vekt       1 000 kroner
I alt 1 480 594 4 290 165
Fersk  109 083  844 220
Frysing, farse, rogn1              357 118 1 480 589
Henging 28 832  274 319
Salting, krydring, røyking2  133 760  933 441
Hermetisering  971 11 427
Mjøl, olje, dyre-og fiskefôr  848 059  745 553
Agn og annan bruk 2 770  617
1  Medrekna skrelte reker.
2  Medrekna klippfisk.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.