20204_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20204
Mindre sild, meir lodde
statistikk
2003-02-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre sild, meir lodde

På fem år har den årlege fangsten av lodde blitt meir enn seksdobla. Samtidig har det blitt mindre sild: I 2002 leverte norske fartøy berre to tredelar så mykje sild som i 1998. Førebelse tal per 20. januar 2003 viser at til saman 2,7 millionar tonn fisk blei levert i 2002. Det er om lag det same som i 2001.

Total fangstmengd og -verdi. 1992 - 2002

Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien snautt 11 milliardar kroner, mot 11,4 milliardar i 2001.

Det har vore endringar i fangsten for dei fleste fiskslaga. Fangstane av torsk, sei, lodde og hestmakrell har auka mest, medan fangstane av mellom anna sild, uer, kolmule og tobis har gått ned.

227 000 tonn torsk

Torskefisket gjekk opp med om lag 9 prosent frå 2001, til 227 000 tonn i 2002. Førstehandsverdien var 2,8 milliardar kroner. Dette tilsvarar 8 prosent av total fangstmengd, men heile 26 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøy på russisk kvote. For kolmule er dei tilsvarande tala 20 prosent av fangstmengda og 5 prosent av førstehandsverdien.

Sildefangsten hadde ein nedgang på 4 prosent frå 2001 til 2002, men samanlikna med 2000 var nedgangen på 29 prosent. Fangstverdien på silda gjekk ned frå 2,2 milliardar kroner i 2001 til 2,0 milliardar i 2002. Silda utgjorde 22 prosent av den totale fangstmengda og 18 prosent av fangstverdien.

Utanlandske fartøy leverte 545 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2002. Verdien av dei utanlandske landingane var 3, 1 milliardar kroner.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 2002*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 2002*. Prosent

Mindre fersk, meir fryst fisk

Bruken av fangsten har endra seg dei siste åra, med overgang frå fersk til fryst fisk. I 2002 gjekk 38 prosent av fangsten til frysing og farse og 44 prosent til mjøl, olje og dyrefôr. Den ferske fisken utgjorde 8 prosent. Fem år tidlegare blei 27 prosent av fangsten frose, medan den ferske fisken utgjorde 16 prosent. Produksjonen av mjøl, olje og dyrefôr har halde seg på om lag same nivå. All fangsten av augepål, kolmule, tobis og om lag ¾ av loddefangstane går til denne produksjonen.

Tabeller: