20208_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20208
Verdien av fisket passerte 11 milliardar
statistikk
2002-02-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Verdien av fisket passerte 11 milliardar

Førebelse tal per 17. 01. 2002 viser at norske fartøy leverte 2, 6 millionar tonn fisk i 2001. Dette er om lag det same som førebelse tal for 2000. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 11, 2 milliardar kroner, ein oppgang på 15 prosent frå 2000. Oppgangen kjem av prisauke på sild og makrell.

  Fangstmengd, etter fiskeslag.  2001*. Prosent

Bortsett frå sild og lodde har det vore liten endring i fangsten for dei fleste fiskeslaga.

Loddefisket auka med 104 000 tonn til 479 000 tonn i 2001. Sildefisket hadde størst nedgang, frå 800 000 tonn i 2000 til 575 000 tonn i 2001. Fangstverdien på silda gjekk opp frå 1,4 til 2,2 milliardar kroner. Silda utgjorde i fjor 22 prosent av den totale fangstmengda og 20 prosent av fangstverdien.

Når det gjeld verdi er torskefisket det viktigaste. Det blei fiska 207 000 tonn torsk og skrei til ein verdi av 2,9 milliardar kroner. Dette tilsvara 8 prosent av total fangstmengd, men heile 25 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøy på russisk kvote. For kolmule er dei tilsvarande tala 21 prosent av fangstmengda og 4 prosent av førstehandsverdien.

Utanlandske fartøy leverte 547 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2001. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,3 milliardar kroner.

Bruken av fangsten

  Fangstverdi, etter fiskeslag.  2001*. Prosent

Bruken av fangsten har endra seg dei siste åra, med overgang frå fersk til fryst fisk. I 2001 gjekk

41 prosent av fangsten til frysing og farse og 43 prosent til mjøl, olje og dyrefôr. Den ferske fisken utgjorde 7 prosent. Fem år tidlegare blei berre 21 prosent av fangsten frose, medan den ferske fisken utgjorde 29 prosent. Produksjonen av mjøl, olje og dyrefôr har halde seg på om lag same nivå. All fangsten av augepål, kolmule, tobis og ein stor del av lodda går til denne produksjonen.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.

Tabeller: