92141
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-forelopige
92141
Nedgang i fangstmengd og -verdi
statistikk
2013-01-24T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i fangstmengd og -verdi

Norske båtar leverte 2,1 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2012. Dette er 7 prosent mindre enn året før. Førstehandsverdien gjekk ned med 12 prosent, til 14,1 milliardar kroner.

Den største delen av fangsten, 84 prosent, gjekk til konsum, medan 16 prosent gjekk til industri.

Mindre sild, høgare førstehandsverdi

Sildefangsten minka med 4 prosent frå 2011 til 2012, men utgjorde likevel 29 prosent av total fangstmengd. Førstehandsverdien for sild auka i same perioden med 7 prosent, til 3,6 milliardar kroner, og utgjorde 25 prosent av total fangstverdi.

Total fangstmengd og -verdi. 2002- 2012*

Torskefisket mest verdifullt

I perioden 2011-2012 auka Fangstmengda for torsk med 5 prosent. Samstundes minka førstehandsverdien med 5 prosent, til 3,8 milliardar kroner. Fangsten av torsk tilsvara 17 prosent av total fangstmengd og 27 prosent av total førstehandsverdi. Dette var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Fangstmengd, etter fangstartar. 2010-2012*. Prosent

Fangstverdi, etter fangstartar. 2010-2012*. Prosent

Auka fangst av kolmule

Det blei fiska 118 800 tonn kolmule til ein førstehandsverdi av 276,7 millionar kroner i 2012. Dette er ei femdobling frå 2011, då sterkt nedsette kvotar førte til låg fangst.

Lågare fangstmengd for antarktisk krill

Samlegruppa "andre skaldyr og blautdyr" inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Frå 2011 til 2012 gjekk fangstmengda ned med 26 prosent. I same perioden gjekk førstehandsverdien ned med 17 prosent. Denne gruppa utgjorde 4 prosent av total fangstmengd i 2012.

Utanlandske landingar til 2,3 milliardar

Utanlandske fartøy leverte 288 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2012. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,3 milliardar kroner.

Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Det er derfor venta ein liten auke i førstehandsverdien etter kvart som omsetningane blir registrerte.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 18. januar 2012. Fleire opplysningar kan ein få hos Fiskeridirektoratet .

Førstehandsverdi/fangstverdi

Førstehandsverdi/fangstverdi er summen fiskaren får utbetalt for fangsten. I denne summen er lagsavgifta trekt frå, medan produktavgifta ikkje er trekt frå. Alle pris- og frakttilskott er lagde til. Sikringstrekk og meirverdiavgift er ikkje rekna med.

 

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB