56386
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-forelopige
56386
Verdien av fisket nesten 16 milliardar
statistikk
2012-01-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Verdien av fisket nesten 16 milliardar

Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2011. Dette er 15 prosent mindre enn året før. Førstehandsverdien auka med 19 prosent, til 15,9 milliardar kroner.

Den største delen av fangsten, 79 prosent, gjekk til konsum, medan 21 prosent gjekk til industri.

Total fangstmengd og -verdi. 2001-2011

Mindre sild, høgare førstehandsverdi

Sildefangsten minka med 31 prosent frå 2010 til 2011, men utgjorde likevel 28 prosent av total fangstmengd. Førstehandsverdien for sild auka med 22 prosent, til 3,3 milliardar kroner, og utgjorde 21 prosent av total fangstverdi.

Torsk var det viktigaste fisket i verdi

Fangstmengda for torsk auka med 20 prosent. Førstehandsverdien auka med 31 prosent, til 3,9 milliardar kroner. Fangsten av torsk tilsvara 15 prosent av total fangstmengd og 24 prosent av total førstehandsverdi. Dette var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Svært låg fangst av kolmule

Låg gytebestand hos kolmule førte til sterkt nedsette kvotar i 2011. Den norske totalkvoten var på 22 033 tonn. Fangsten av kolmule endte på 21 000 tonn i 2011, ein nedgang på 89 prosent frå året før. Førstehandsverdien minka med 82 prosent, til 66 millionar kroner.

Lågare fangstmengd for antarktisk krill

Samlegruppa "andre skaldyr og blautdyr" inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Etter ein kraftig auke frå 2009 til 2010 gjekk fangstmengda ned 7 prosent, medan førstehandsverdien auka med 32 prosent, frå 2010 til 2011. Denne gruppa utgjorde 5 prosent av total fangstmengd i 2011.

Fangstmengd, etter fangstartar. 2011*. Prosent

Fangstverdi, etter fangstartar. 2011*. Prosent

Utanlandske landingar til 2,4 milliardar

Utanlandske fartøy leverte 281 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2011. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,4 milliardar kroner.

Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Det er derfor venta ein liten auke i førstehandsverdien etter kvart som omsetningane blir registrerte.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 18. januar 2012. Fleire opplysningar kan ein få hos Fiskeridirektoratet .

Førstehandsverdi/fangstverdi

Førstehandsverdi/fangstverdi er summen fiskaren får utbetalt for fangsten. I denne summen er lagsavgifta trekt frå, medan produktavgifta ikkje er trekt frå. Alle pris- og frakttilskott er lagde til. Sikringstrekk og meirverdiavgift er ikkje rekna med.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB