Største fangsten i sjølaksefisket på 10 år

Publisert:

I den ordinære sesongen i 2018 blei det fiska 328 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 11 prosent meir enn året før og den største fangsten i sjølaksefisket på 10 år.

Den samla fangsten fordelte seg på 323 tonn laks og 5 tonn sjøaure, syner statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure 2018. Dette er ein auke frå året før på 11 prosent for laks og 9 prosent for sjøaure.

Nedgang i Finnmark og Trøndelag

Finnmark er framleis det klart største fylket for sjølaksefiske i Noreg. Fangsten i vårt nordlegaste fylke gjekk ned med 5 prosent frå året før, til 132 tonn i 2018, og utgjorde 40 prosent av det totale laksefisket i sjøen.

Nedgang var det òg i Trøndelag, med ein fangst på 75,6 tonn i 2018. Det er 5 prosent mindre enn året før.

Størst auke i Rogaland og Vest-Agder

Alle andre fylke hadde auka fangstar. Den største auken fekk vi Rogaland og Vest-Agder. Begge desse fylka nær dobla fangstane frå 2017, til respektive 27,3 og 27,5 tonn i 2018.

Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet for og storleiken på innsiget av laks til elvane i tillegg til endringar i regulering av fisket.

1 Ikkje opna for fiske i den ordinære sesongen.

2 Østfold, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder.

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke

2017 2018
Andre fylke² 4.3 6.9
Vest-Agder 14.0 27.5
Rogaland 13.7 27.3
Hordaland¹ 0.0 0.0
Sogn og Fjordane 5.1 7.5
Møre og Romsdal 18.1 25.4
Trøndelag 79.6 75.6
Nordland 4.1 5.6
Troms 17.5 20.5
Finnmark 138.4 131.9

Kommunane med størst fangst i 2018 var Namsos, Eigersund og Alta.

Figur 2. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Kommunar med størst fangst

2017 2018
Nordkapp 11.3 8.8
Flekkefjord 3.0 9.5
Deatnu - Tana 6.6 10.0
Vadsø 10.3 10.5
Porsanger - Porsángu - Porsanki 11.4 11.7
Lebesby 9.7 12.2
Sør-Varanger 21 17.9
Alta 21.3 18.6
Eigersund 7.9 19.8
Namsos 38.9 32.5

Meir smålaks

Sjølaksefiskarane fekk fleire smålaks i 2018 enn året før. Nær halvparten av laksen var smålaks under 3 kilo, og berre 9 prosent var storlaks over 7 kilo. Dette gjorde at gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 4,0 kilo i 2017 til 3,8 kilo året etter.

Mindre fangst i utvida fiskesesong

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

I sesongen 2017/2018 blei det rapportert fangst på 1,9 tonn laks og sjøaure frå dette fisket, som er meir enn ei halvering av fangsten året før. 

Faktaside

Kontakt