På grunn av vedlikehold vil ssb.no og statistikkbanken være utilgjengelig i perioden 17.00-19.00 lørdag 15. desember. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Størst laksefangst i Namsen

Publisert:

Laksefiskarane i Namsenvassdraget drog på land ein samla fangst på 9 900 laks, sjøaure og sjørøye i 2017. Dette gjorde Namsenvassdraget til laksefiskevassdraget med flest landingar i 2017.

I alt blei det fiska 180 500 laks, sjøaure og sjørøye på til saman 547 tonn i dei norske elvane i 2017. Av den totale fangsten blei 80 prosent avliva, medan 20 prosent blei sleppt levande ut igjen. Dette syner dei førebelse tala for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2017.  

Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye

Fisk sleppt ut att Avliva fisk
2009 10095 143675
2010 19917 167182
2011 21441 151682
2012 25650 166461
2013 25442 143454
2014 31629 130272
2015 34982 162508
2016 36943 143403
2017* 36959 143587

Fiskarane tok meir fisk i Namsen og Alta

Med ein fangst i Namsenvassdraget på 9 900 laks, sjøaure og sjørøye, var det ein auke på 25 prosent frå året før. 6 prosent av fiskane blei sleppte levande ut igjen, medan 94 prosent blei avliva.

Etter Namsen er det i Altavassdraget det vert fiska mest. Her auka fangsten til 9 100 laks, sjøaure og sjørøye frå 2016 til 2017, ein auke på 19 prosent. 87 prosent av fiskane vart avliva.

Nedgang på 25 prosent i Tana

Det blei fiska 7 500 laks, sjøaure og sjørøye i den norske delen av Tanavassdraget i 2017. Det er ein nedgang på 25 prosent frå året før. 98 prosent av fiskane blei avliva, og 2 prosent blei sleppte levande ut i elva igjen.

Noreg og Finland  inngjekk ein ny avtale om regulering av fisket i Tanavassdraget i 2017. Den nye avtalen kan ha medverka til den reduserte fangsten i Tana i 2017. Ein annan årsak til nedgangen er den høge vasstanden i vassdraget gjennom heile fiskesesongen.

Mest fang og slepp i Orkla og Gaula

Orkla og Gaula er dei viktigaste vassdraga når det gjeld fang og slepp. I 2017 blei det fiska 5 600 laks, sjøaure og sjørøye i Orkla, og 70 prosent av desse blei sette ut igjen. Tilsvarande tal for Gaulavassdraget var 5 100 fisk totalt, og av desse blei 62 prosent sette ut igjen. 

Figur 2. Elvar med størst fangst av laks, sjøaure og sjørøye 2017. Førebelse tal

Fisk sleppt ut att Avliva fisk
Mandalselva 511 2905
Bjerkreimselva 463 3954
Vestre Jakobselv 1840 3052
Gaulavassdraget 3134 1961
Orkla 3929 1697
Numedalslågen 267 5682
Målselvvassdraget 438 5606
Tanavassdraget (norsk del) 179 7341
Altavassdraget 1198 7916
Namsenvassdraget 556 9379

Faktaside

Kontakt