Over 10 tonn uønska laks fiska

Publisert:

I år har for første gong fiske av pukkellaks blitt rapportert. I den ordinære sesongen blei det fiska 10,5 tonn av arten, som ikkje er ønska i Noreg.

I tillegg til villaks og sjøaure skal all fangst av sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks rapporterast frå 2019-sesongen. Dette fiske gav ein samla fangst på 235,2 tonn i den ordinære sesongen i 2019, syner statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure .

Pukkellaks

Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998.

Den spreidde seg fyst til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

Denne framande arten er ikkje ønskeleg i Noreg, og den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den.

I 2019 blei det rapportert ein fangst på 10,5 tonn pukkellaks. Av dette blei 9,6 tonn fiska i Finnmark og 0,6 tonn i Troms. Det blei rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som til Rogaland.

Nedgang i samla fangst

Den samla fangsten av laksefisk var 235,2 tonn i den ordinære sesongen i 2019. Det er ein nedgang frå året før på 28 prosent. Fangsten fordelte seg på 219,2 tonn laks, 5,1 tonn sjøaure og 10,5 tonn pukkellaks. Det blei rapportert lite fangst av sjørøye og regnbogeaure.

Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet for og storleiken på innsiget av laks til elvane i tillegg til endringar i regulering av fisket.

Nedgang i nesten alle fylka

Det var nedgang i fangsten i alle fylka bortsett frå Vestfold. Med ein nedgang på 30 tonn frå 2018 til 2019, hadde Finnmark størst nedgang målt i tonn.

Likevel var Finnmark det klart største fylke for sjølaksefiske i Noreg, med 101,8 tonn, som utgjorde 43 prosent av det totale laksefisket i sjøen.

Deretter var det Trøndelag, Vest-Agder, Rogaland og Møre og Romsdal som hadde størst nedgang i fangstane samanlikna med året før.

Kommunane med størst fangst i 2019 var Namsos, Sør-Varanger og Alta.

1 2019: Medrekna sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.

2 Ikkje opna for fiske i den ordinære sesongen.

3 Østfold, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder.

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure¹. Fylke

2018 2019
Andre fylke³ 6.9 6.1
Vest-Agder 27.5 13.8
Rogaland 27.3 15.2
Hordaland² 0.0 0.0
Sogn og Fjordane 7.5 6.0
Møre og Romsdal 25.4 13.8
Trøndelag 75.6 59.4
Nordland 5.6 5.3
Troms 20.5 13.8
Finnmark 131.9 101.8

1 2019: Medrekna sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.

Figur 2. Sjøfiske etter laks og sjøaure¹. Kommunar med størst fangst

2018 2019
Berlevåg 5.7 5.5
Tingvoll 8.4 6.1
Nordkapp 8.8 6.2
Loppa 8.4 7.1
Eigersund 19.8 7.2
Namdalseid 7.9 8.1
Lebesby 12.2 12.2
Alta 18.6 15.2
Sør-Varanger 17.9 15.4
Namsos 32.5 32.3

Fangst i utvida fiskesesong

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

I sesongen 2018/2019 blei det rapportert fangst på 1,9 tonn laks og sjøaure frå dette fisket, som er ein liten nedgang frå året før.

Faktaside

Kontakt