140009
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/aar
140009
15 000 kroner meir i inntekt
statistikk
2013-12-18T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2012

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

15 000 kroner meir i inntekt

Median inntekt etter skatt for alle hushald var 446 000 kroner i 2012. Dette er 15 000 kroner meir enn året før.

Inntekt etter skatt for hushald etter hushaldningstype. Median1
Median inntekt etter skattProsent2
20122011 - 20122007 - 2012
1Personer i studenthusholdninger er utelatt.
2I faste kroner
Alle hushald446 2002,710,2
Aleinebuande under 45 år255 2002,54,0
Aleinebuande 45-64 år288 4003,910,0
Aleinebuande 65 år og over228 5004,119,1
Par utan barn, eldste person under 45 år554 7002,44,4
Par utan barn, eldste person 45-64 år649 4005,014,5
Par utan barn, eldste person 65 år og over487 9004,522,4
Par med barn, yngste barn 0-6 år678 0003,19,3
Par med barn, yngste barn 7-17 år769 8003,511,2
Par med vaksne barn, yngste barn 18 år og over844 7003,811,6
Einsleg mor/far med barn 0-17 år370 1002,16,9
Einsleg mor/far med vaksne barn, 18 år og over476 4002,98,9
Figur 1. Median inntekt etter skatt per forbruksenhet, etter fylke. 2012

Omrekna i faste prisar auka inntekta etter skatt for alle hushald med 2,7 prosent i 2012. Det er litt lågare vekst enn året før, då inntektene auka med 3,6 prosent.

Alle typar hushald hadde realvekst i 2012. Igjen er det dei eldre hushalda som hadde den sterkaste inntektsveksten. Par utan barn, der eldste person er mellom 45 og 64 år, var den gruppa som auka inntektene mest. Dei hadde ein realvekst i inntekt etter skatt på 5 prosent. Andre grupper som også hadde ein sterk inntektsvekst i 2012, er pensjonistpar og einslege pensjonistar. Ein viktig årsak er at fleire kombinerer jobb med uttak av alderspensjon.

Aleineforsørgjarar er blant hushaldstypane som har hatt den svakaste veksten, på 2,1 prosent. Sjølv om dei har hatt ein vekst i yrkesinntekter, har overføringane gått noko ned. Særleg har bustøtta blitt mindre for denne gruppa.

Sterk inntektsauke dei siste åra

Sidan 2002 har medianinntekta blant alle norske hushald auka med 108 000 kroner, målt i faste prisar. Det gir ein prosentvis auke på heile 32 prosent i denne tiårsperioden. Størst prosentvis inntektsauke finn ein blant dei eldste. Par utan barn, der eldste person er 65 år eller eldre, har auka hushaldsinntekta si med 53 prosent frå 2002 til 2012. Blant einslege som er 65 år og eldre, var tilsvarande inntektsauke 47 prosent. Svakast inntektsvekst hadde dei aleinebuande under 45 år, med 16 prosent.

Høgast inntekt i Akershus

Rangerer ein fylke etter storleiken på hushaldas inntekt etter skatt per forbrukseining, det vil seie at ein justerer hushalda for ulik storleik og samansetning, er det hushalda i Akershus som har dei høgaste inntektene. Medianinntekta til hushalda i dette fylket låg i 2012 om lag 9 prosent høgare enn medianinntekta for heile landet. Også hushalda i Rogaland, Oslo, Hordaland og Finnmark hadde inntekter som låg over medianen for landet.

Det er hushalda i Hedmark, Oppland og Østfold som har det lågaste inntektsnivået. Medianinntektene til hushalda i desse fylka låg på om lag 93-94 prosent av nivået for heile landet, eller 16-17 prosent lågare enn inntektsnivået til hushalda i Akershus.

Det var hushalda i Rogaland og Sør-Trøndelag som auka inntektene mest i 2012, medan hushalda i Finnmark, Nordland og Telemark hadde den svakaste inntektsveksten.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB