84378_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
84378
Over 12,2 milliardar til helse i kommunane
statistikk
2012-07-06T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 12,2 milliardar til helse i kommunane

I overkant 12,2 milliardar kroner vart brukt på helsetenester i kommunane i 2011. Dei fleste små born fekk framleis helsekontrollar på helsestasjon. Dekningsgraden for legar aukar, medan han har blitt noko redusert for fysioterapeutar.

Målt i brutto driftsutgifter vart det brukt om lag 936 millionar kroner meir på kommunehelsetenester i 2011 enn i 2010. Dette tilsvarer ein vekst på 8,3 prosent. Kvar nordmann kostar såleis kommunane om lag 2 450 helsekroner i gjennomsnitt. Den største utgiftsfunksjonen er diagnose, behandling og rehabilitering, som utgjorde i overkant av 8,8 milliardar kroner, eller 72 prosent, av dei samla utgiftene i 2011. Tala inkluderer mellom anna driftstilskot og fastløn til legar og fysioterapeutar. Fastlege- og fysioterapitenesta er eit kommunalt ansvar, men finansieringa er delt mellom kommunane og staten, med takstutbetalingar og ein viss grad av eigenbetaling frå pasientane. Helseutgiftene til kommunane inneber også utgifter til helsestasjons- og skulehelseteneste retta mot gravide, barn og ungdom. Totalt brukte kommunane vel 2,4 milliardar kroner på desse tenestene i 2011. Det er ein auke på om lag 6,7 prosent frå 2010.

Utgifter i kommunehelsetenesta. 2002-2011. 1 000

Helsekontrollar for dei fleste små born

Kommunane har høg og stabil dekningsgrad for helsestasjonsundersøkingar av små born, men tendensen er framleis at delen born som har gjennomgått undersøking, vert lågare etter kvart som borna vert eldre. Unntaket er heimebesøk etter fødsel, som ligg lågare enn etterfølgjande undersøkingar. Foreldra til fire av fem nyfødde fekk tilbod om, og takka ja til, heimebesøk i 2011. Dette er ein auke samanlikna med 2010, samstundes som det er ein lågare prosentdel enn for dei som gjennomførte åttevekerskontrollen. Ei av årsakene til at det er færre som gjennomfører heimebesøk enn åttevekerskontroll, er at fleire kommunar berre tilbyr heimebesøk til førstegongsfødande, eller berre tilbyr samtale ved helsestasjonen i staden for heime hos familien.

Fleire legar, særleg i institusjonane

Talet på årsverk for legar i kommunane held fram med å veksa. Frå 2010 til 2011 kom det til 86 nye legeårsverk i kommunane, noko som gir 4 837 avtalte årsverk for heile landet samla. Talet på legar per 10 000 innbyggjarar har auka frå 9,3 til 9,7 i femårsperioden 2007-2011. Den prosentvise auken av legeårsverk er størst i dei mest sentrale stroka i denne perioden. Frå 2010 til 2011 er den prosentvise auken av legeårsverk størst i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Legetimar per veke per sjukeheimsbebuar har auka frå 0,37 til 0,39 same perioden.

Fleire tabellar om fastlegar finn du i statistikkbanken .

Lågare dekningsgrad, men fleire fysioterapeutar

Det samla talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane held seg nokså uendra. Frå 2010 til 2011 kom det eitt nytt fysioterapeutårsverk til i kommunane totalt. Dekningsgraden for fysioterapeutar per 10 000 innbyggjarar minska frå 8,7 til 8,6 frå 2010 til 2011, dette kjem av at befolkningsauken har auka relativt meir samanlikna med veksten i fysioterapiårsverk i same periode. Samstundes ser ein at fysioterapiårsverk innanfor diagnose, behandling og rehabilitering har auka med vel 51 årsverk, medan talet på årsverk minska tilsvarande innanfor miljøretta helsevern og anna førebyggjande arbeid. Utviklinga for fysioterapitimar per veke per sjukeheimsbebuar har auka frå 0,32 til 0,34 mellom 2010 og 2011.

Nær halvparten av fysioterapiheimlane er fulltidsavtalar

I 2011 var det i gjennomsnitt 0,76 årsverk per avtaleheimel, som gjeld private fysioterapiårsverk med driftsavtale. Dette er det same som i 2010. Ei fordeling av fulltids- og deltidsheimlar for fysioterapeutane viser at 48 prosent av heimlane er fulltid. Blant deltidsheimlane er om lag fire av fem heimlar mellom 40 og 100 prosent. Det er særleg små kommunar som opererer med dei minste deltidsheimlane mellom 20 og 40 prosent.

Prosentvis fordeling av full- og deltidsheimlar for private fysioterapeutar, etter fylke

Registerbaserte tal på årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta

Frå 2010 vart talet på avtalte årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta (funksjon 232) publisert med registerdata som kjelde. Det betyr eit tidsseriebrot i statistikken mellom 2009 og 2010. Etter fleire år med vurdering av datakvaliteten i register vart det i 2010 fatta avgjersle om ein overgang. Fram til og med 2010-rapporteringa har årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta blitt rapportert via KOSTRA-skjema 1 ”Personell og verksemd i kommunehelsetenesta”. SSB kjem til å halda fram med å samla inn desse tala for 2012-rapporteringa. Meininga er at kommunar skal ha moglegheit til å samanlikna tala frå skjema og register i nokre år for å gjera kvaliteten på registertala enno betre i tida som kjem. Når det gjeld lege- og fysioterapiårsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta (funksjon 232), vil ein halda fram med å rapportera desse via skjema 1.

Tabeller: