20933
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20933
Over 10,5 milliardar til helse i kommunane
statistikk
2010-07-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 10,5 milliardar til helse i kommunane

Over 10,5 milliardar kroner vart brukt på helsetenester i kommunane i 2009. Helsekontrollar i helsestasjon vert framleis gjennomførte på dei fleste små born. Dekningsgraden for legar aukar, medan han held seg stabil for fysioterapeutar.

Utgifter i kommunehelsetenesta. 2002-2009. 1 000 kroner

Målt i brutto driftsutgifter vart det brukt 680 millionar kroner meir på kommunehelsetenester i 2009 enn i 2008. Dette tilsvarer ein vekst på 6,9 prosent. Dét inneber at kvar nordmann kostar kommunane i overkant av 2 160 helsekroner i gjennomsnitt. Den største utgiftsfunksjonen er diagnose, behandling og rehabilitering, som utgjorde om lag 7,6 milliardar, eller 72 prosent, av dei samla utgiftene i 2009. Tala inkluderer mellom anna driftstilskot og fastløn til legar og fysioterapeutar. Fastlege- og fysioterapitenesta er eit kommunalt ansvar, men finansieringa er delt mellom kommunane og staten, med takstutbetalingar og ein viss grad av eigenbetaling frå pasientane. Helseutgiftene til kommunane inneber også utgifter til helsestasjons- og skulehelseteneste retta mot gravide, born og ungdom. Totalt brukte kommunane om lag 2,1 milliardar kroner på desse tenestene i 2009. Dette er ein auke på vel 8 prosent frå 2008.

Helsekontrollar for dei fleste små born

Kommunane har høg og stabil dekningsgrad for helsestasjonsundersøkingar av små born, men tendensen er framleis at delen born som har gjennomgått undersøking, vert lågare etter kvart som borna vert eldre . Unntaket er heimebesøk etter fødsel. Foreldra til tre av fire nyfødde fekk tilbod om, og takka ja til, heimebesøk i 2009. Dette er om lag det same som dei siste tre åra og er ein lågare prosentdel enn for dei som gjennomførte åttevekerskontrollen. Ei av årsakene til at det er færre som gjennomfører heimebesøk, er at fleire kommunar berre tilbyr heimebesøk til førstegongsfødande, eller berre tilbyr samtale ved helsestasjonen i staden for heime hos familien.

Prosentvis fordeling av full- og deltidsheimlar for fysioterapeutar. Fylkesvis

Fleire legar, særleg i institusjonane

Talet på årsverk for legar i kommunane held fram med å veksa. Frå 2008 til 2009 kom det til 104 nye legeårsverk i kommunane. Talet på legar per 10 000 innbyggjarar har auka frå 9,1 til 9,5 i femårsperioden 2005-2009. Den prosentvise auken av legeårsverk er størst i dei mest sentrale stroka i denne perioden. Frå 2008 til 2009 er den prosentvise auken av legeårsverk størst i institusjonar for eldre og funksjonshemma.

Fleire tabellar om fastlegar finn du i Statistikkbanken .

Færre fysioterapeutar innanfor diagnose, behandling og rehabilitering

Det samla talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane held også fram med å veksa. Frå 2008 til 2009 kom det til 60 nye fysioterapeutårsverk i kommunane. Private fysioterapeutar er ikkje inkluderte i dette talet. Sjølv om talet på fysioterapeutar har auka frå 2008 til 2009, held måltalet for fysioterapeutar per 10 000 innbyggjarar seg uendra på 8,7. Hovudårsaka til dette ser ut til å vera at befolkningsauken har halde følgje med veksten i fysioterapiårsverk. Samstundes ser ein at fysioterapiårsverk innanfor diagnose, behandling og rehabilitering har minska med vel 40 årsverk. Årsverk av fysioterapeutar i institusjon har auka, men langt frå så mykje som legeårsverk.

Nær halvparten av fysioterapiheimlane er fulltidsavtalar

I 2009 var det i gjennomsnitt 0,75 årsverk per avtaleheimel (private fysioterapiårsverk med driftsavtale), dette er det same som i 2008. Ei fordeling av fulltids- og deltidsheimlar for fysioterapeutane viser at 46 prosent av heimlane er fulltid. Blant deltidsheimlane er om lag tre av fire heimlar mellom 40 og 100 prosent. Det er særleg små kommunar som opererer med dei minste deltidsheimlane mellom 20 og 40 prosent.

Private fysioterapeutar utan driftsavtale

Frå og med 2009 vert det ikkje lenger rapportert årsverk for private fysioterapeutar i KOSTRA-skjema 1 Personell og verksemd i kommunehelsetenesta. Dette gjer at landstala som tidlegare har vorte presenterte, er noko høgare enn kva som er tilfelle for 2009. I 2008 utgjorde private fysioterapeutar om lag 176 årsverk for heile landet.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB