20895_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20895
9,9 milliardar til helse i kommunane
statistikk
2009-06-24T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9,9 milliardar til helse i kommunane

Nærmare 9,9 milliardar kroner vart brukt på helsetenester i kommunane i 2008. Helsekontrollar i helsestasjon vert framleis gjennomførde på dei fleste små barn. Tre av fire kommunar tilbyr helsestasjon for barn og ungdom. Talet på årsverk for både legar og fysioterapeutar aukar.

Dei om lag 10 milliardar kronene er målt i brutto driftsutgifter. Dette er ein auke på om lag 870 millionar kroner samanlikna med året før og tilsvarer ein vekst på 9,7 prosent. Dette vert litt i overkant av 2 000 kroner i gjennomsnitt per nordmann. Ein stor del av utgiftsauken kan tilskrivast høgare lønsutgifter i sektoren. Den største utgiftsfunksjonen er diagnose, behandling og rehabilitering/habilitering, som mellom anna inkluderer driftstilskot og fastløn til legar og fysioterapeutar. Fastlege- og fysioterapitenesta er eit kommunalt ansvar, men finansieringa er delt mellom kommunane og staten, med takstutbetalingar og ein viss grad av eigenbetaling frå pasientane. Kommunanes utgifter til helse inneber også utgifter til helsestasjons- og skolehelseteneste som er retta mot gravide, barn og ungdom. Totalt brukte kommunane i underkant av 2 milliardar kroner på desse tenestene i 2008. Dette er ein auke på over 10 prosent samanlikna med 2007.

Utgifter i kommunehelsetenesta. 2002-2008. Kroner

Helsekontrollar for dei fleste små barn

Kommunane har høg og stabil dekningsgrad for helsestasjonsundersøkingar av små barn, men delen barn som har gjennomgått undersøking, blir lågare jo eldre barnet blir. Unntaket er heimebesøk etter fødsel. Tre av fire nyfødde fekk tilbod og takka ja til heimebesøk i 2008. Dette er om lag det same som dei to føregåande åra og er ein lågare del enn dei som gjennomfører 8-vekers-kontrollen. Ei av årsakene til nedgangen er at fleire kommunar berre tilbyr heimebesøk til førstegongsfødande, eller berre tilbyr samtale ved helsestasjonen i staden for heime hos familien.

Tre av fire kommunar tilbyr helsestasjon for ungdom

Fleire kommunar har dei siste åra oppretta eigne helsestasjonar for ungdom. Tilbodet er retta mot barn og unge i alderen 14-20 år og er meint å vera ei lågterskelteneste som tilbyr samtalar med helsesøster om ulike helserelaterte problem, undersøking av lege, utskriving av prevensjon, med meir. Tenesta er gratis, og det er ikkje naudsynt å bestilla time. I 2008 tilbyr tre av fire kommunar denne tenesta, og meir enn halvparten av kommunane som har tilbodet, har ei gjennomsnittleg opningstid på meir enn to timar i veka. Talet på kommunar som ikkje har helsestasjon for ungdom, har vore stabilt dei siste tre åra. Om lag kvar fjerde kommune i landet tilbyr ikkje helsestasjon for ungdom. Det manglande tilbodet gjeld som oftast små kommunar.

Fleire legar, særleg i institusjon

Talet på årsverk for legar i kommunane held fram med å veksa. Frå 2007 til 2008 kom det 137 nye legeårsverk til i kommunane. Dette gjorde at talet på legar per 10 000 innbyggjarar voks frå 9,3 til 9,5 mellom 2007 og 2008. Den prosentvise auken av legeårsverk er størst i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Talet på legeårsverk går mest opp i dei sentrale stroka av landet.

Fordeling av full- og deltidsheimlar for fysioterapeutar. Fylkesvis

Færre fysioterapeutar innanfor helsestasjons- og skulehelsetenesta

Det samla talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane held også fram med å vekse. Frå 2007 til 2008 kom det 78 nye fysioterapeutårsverk i kommunane. Dette gjer at talet på fysioterapeutar per 10 000 innbyggjarar voks frå 9,0 til 9,1. 78 nye årsverk kom til innanfor diagnose, behandling og rehabilitering, medan det minka innanfor områda helsestasjons- og skulehelsetenesta, og miljøretta helsevern. Den prosentvise auken av fysioterapiårsverk er størst i dei mindre sentrale stroka, i motsetnad til kva som er tilfelle for legeårsverk.

Nær halvparten av fysioterapiheimlane er fulltidsavtalar

I 2008 var det i gjennomsnitt 0,75 årsverk per avtaleheimel (private fysioterapiårsverk med driftsavtale). Ei fordeling av fysioterapeutars fulltids- og deltidsheimlar viser at 46 prosent av heimlane er fulltid. Blant deltidsheimlane er det over 70 prosent som ligg mellom 40 og 100 prosent. Det er særleg små kommunar som opererer med dei minste deltidsheimlane mellom 20 og 40 prosent.

Ny indikator: private fysioterapeutar med avtaleheimlar

Nytt av året innanfor kommunehelse er indikatoren ”Årsverk av private fysioterapeutar per avtaleheimel”. Indikatoren viser gjennomsnittleg tal på private fysioterapiårsverk per avtaleheimel.

Tabeller: