20899_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20899
Stadig fleire helsesystrer i kommunane
statistikk
2007-06-19T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire helsesystrer i kommunane

Aldri før har helsestasjons- og skolehelsetenesta hatt så store personellressursar. Personellveksten her består hovudsakleg av fleire helsesystrer, medan lege- og fysioterapeutårsverk går noko ned.

Kommunane si helsestasjons- og skolehelseteneste har fleire personellressursar enn nokon gong. Totalt var det 3 271 årsverk i tenesta i 2006. Nær to tusen av årsverka er helsesystrer, og auken i talet på helsesystrer har vore på bortimot 100 årsverk frå 2005 til 2006. Auken kan sjåast i samanheng med Opptrappingsplanen for psykisk helse. Samstundes held trenden med nedtrapping av lege- og fysioterapeutressursane i helsestasjons- og skolehelsetenesta fram. I 2006 var det her 430 årsverk av legar og fysioterapeutar til saman.

Fleire lege- og fysioterapiårsverk

Innanfor kommunehelsetenesta totalt held auken av legeårsverk fram. Frå 2005 til 2006 kan òg fysioterapeutar visa til same vekst.

I 2006 var det 4 281 legeårsverk i kommunane, ein auke på rundt 60 årsverk samanlikna med året før. Ser vi på utviklinga tilbake i tid, har kommunane nær 1 000 fleire legar i 2006 enn dei hadde for 10 år sidan. Tre av fire legeårsverk i kommunehelsetenesta gjeld legar som har inngått driftsavtaler med kommunen. Resterande er fastlønte legar, turnuslegar og legar utan avtale.

Det var 4 205 årsverk av fysioterapeutar i 2006, 1,4 prosent fleire enn i 2005. Gjennomsnittleg utgjer fysioterapeutane 9 årsverk per 10 000 innbyggarar på landsbasis, men dette varierer noko med sentralitet. Dei mest sentrale kommunane har ei lågare dekning enn mindre sentrale kommunar.

Tabeller: