20905_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20905
Framleis sterk auke i talet på yngre tenestemottakarar
statistikk
2005-12-02T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis sterk auke i talet på yngre tenestemottakarar

Medan talet på heimetenestemottakarar totalt berre viste ein liten oppgang frå 2003 til 2004, auka talet på mottakarar under 67 år med heile 8 prosent. Også talet på institusjonsbebuarar i same aldersgruppe auka, dette med nærare 4 prosent.

225 av langtidsbebuarane var under 50 år. Dette er ein nedgang frå 2003 og på same nivå som i 2002. Av dei snautt 41 000 institusjonsbebuarane, var nærare 1 900 under 67 år, medan 47 000 av dei rundt 163 000 heimetenestemottakarane tilhøyrde denne aldersgruppa. I heimetenesta utgjer dei yngste brukarane no heile 29 prosent, medan det tilsvarande talet var 17 prosent i 1992.

Som tidlegare blir mottakarar som berre får praktisk bistand stadig færre - talet gjekk ned med nærare 6 prosent frå 2003. Dette blir vege opp av ein sterk auke i mottakarar av heimesjukepleie, slik at talet på mottakarar av heimetenester totalt held seg nær uforandra.

Årsverk i pleie- og omsorgstenestene (inkludert fråvere og vikarar) viser ein liten auke til nær 107 000, samtidig som det legemelde sjukefråveret har blitt langt lågare. Ved nyårsskiftet var dette fråveret på 11 prosent av årsverk totalt.

Færre fastlønte kommunale legar og fysioterapeutar

Når det gjeld kommunehelsetenesta, viser talet på årsverk av helsesystrer ein klår oppgang på rundt 3 prosent, til drygt 1 900 årsverk. Dei aller fleste av desse finn vi i helsestasjons- og skolehelsetenesta. Auken i helsesysterårsverk på dette området veg opp nedgangen i legeårsverk og spesielt fysioterapiårsverk. Tendensen med stadig færre fastlønte kommunale legar og fysioterapeutar held seg. Frå 2003 til 2004 gjekk talet på årsverk for desse gruppene ned med 3-4 prosent. For fysioterapeutar kompenserer særleg auken i årsverk av turnuskandidatar og fysioterapeutar utan driftsavtale for denne nedgangen. For legane er det særleg ein auke i årsverk av private legar med driftsavtale som gjer at talet på leger totalt framleis viser ein liten stigning.

Kvalitet i pleie- og omsorgstenestene

Gjennom eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Kommunenes Sentralforbund, Helse- og omsorgsdepartementet og Statistisk sentralbyrå blei det i juni 2005 lansert ein ny portal for kvalitetsindikatorar i pleie- og omsorgstenestene. Her er utvalde tal frå KOSTRA presenterte. Les meir på http://indikator.more.no/bedrekommune/ploindikator.jsp .

Avvik mellom tal i KOSTRA og i artikkelen heng saman med forbetringar i statistikken i tida etter publisering av tal i KOSTRA. I tillegg til oppdaterte tal i artikkelen finst oppdaterte tal i Statistikkbanktabellar (unntatt KOSTRA-tabellar).

Gjeld tabell 9: Under produksjonen av den registerbaserte statistikken for 2004 er det gjort ein del forbetringar i produksjonsopplegget og ikkje minst har kommunane oppdatert registreringane sine i 2004/2005. Endringa i talet på sysselsette kjem av at den generelle registerbaserte sysselsetjingsstatistikken er revidert, som blant anna inneber at arbeidsforhold med lågt timetal er betre plassert på riktig verksemd og at kommunane har oppdatert registreringane sine i Arbeidstakar- og arbeidsgivarregisteret. Registertala er berre oppdaterte tilbake til 2003, slik at tal for årsverk i pleie- og omsorgstenestene 2003 og 2004 ikkje kan samanliknast med statistikk publisert 1. juli 2004 og 3. desember 2004. For meir informasjon, sjå magasinartikkelen Endringer i årsverk innenfor pleie og omsorg

Tabeller: