20911_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20911
Fleire yngre tek imot pleie- og omsorgstenester
statistikk
2004-07-01T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2003, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire yngre tek imot pleie- og omsorgstenester

Det blir stadig fleire mottakarar av pleie- og omsorgstenester under 67 år. Auken gjeld både bebuarar i institusjon og i bustader til pleie- og omsorgsformål samt mottakarar av heimetenester.

Medan talet på bebuarar i institusjon (sjukeheim, aldersheim eller anna heildøgns omsorg) totalt har gått noko ned til drygt 40 000, har det vore ein auke i talet på yngre bebuarar med 6,5 prosent frå 2002, og ein like stor auke året før. Ved utgangen av 2003, var det i underkant av 2 000 yngre bebuarar på institusjon. Også talet på yngre bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål auka med over 5 prosent, til rundt 15 000 i 2003. Totalt budde nær 50 000 personar i slike bustader. Ein tilsvarande auke finn vi òg for heimetenester. I 2003 vart det rapportert nær 44 000 yngre mottakarar av totalt 161 000 mottakarar av heimetenester.

Heimesjukepleie auka

Totalt har talet på mottakarar vore stabilt dei siste åra. Heimetenestene kan delast inn i heimesjukepleie og praktisk bistand. Og ser ein på denne inndelinga, finn ein større endringar. Meir enn 46 000 tek berre imot heimesjukepleie, medan 60 000 tek imot ein kombinasjon av heimesjukepleie og praktisk bistand. Dette er ein oppgang i forhold til 2002, spesielt for berre heimesjukepleie, der talet på mottakarar har auka med nær 5 prosent. Dette står i motsetnad til praktisk bistand, der talet på mottakarar har vorte redusert med over 7 prosent til 55 000. Auken i talet på mottakarar av heimesjukepleie og nedgangen i talet på mottakarar av praktisk bistand er ei utvikling som har halde fram sidan slutten på 1990-talet.

Nedgangen i plassar i aldersheimar og satsinga på omsorgsbustader kan forklare noko av auken i mottakarar av heimesjukepleie. Talet på plassar i aldersheimar vart redusert med 15 prosent til 3 600 i 2003, medan plassar i sjukeheimar held seg ganske stabilt i overkant av 37 000.

Talet på avtalte årsverk innanfor pleie- og omsorgstenestene held seg stabilt. Inkludert vikarar var det registrert 114 000 årsverk i denne sektoren. Grunna omlegging av statistikken er dette talet noko usikkert.

I verksemder knytte til kommunehelsetenesta er det berre små endringar. Det er 8,5 legeårsverk og 8,3 fysioterapiårsverk per 10 000 innbyggjarar. I skolehelse- og helsestasjonstenesta kan det synast som det er ein reduksjon i talet på årsverk av legar og fysioterapeutar, medan tilsvarande tal for jordmødrer og anna personell utanom helsesystrer viser ein auke.

Tabeller: