20915_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20915
Stadig færre plassar i aldersheimar
statistikk
2003-06-20T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre plassar i aldersheimar

Talet på institusjonsplassar i aldersheimar har vorte halverte sidan 1996, til knapt 4 400 i 2002. Samstundes har talet på bebuarar i omsorgbustader og personar som tek imot heimetenester auka.

Tre av fire bebuarar på institusjon er 80 år eller eldre, medan nærmare halvparten av dei som tek imot heimetenester hører til desse eldste. Denne fordelinga har endra seg svært lite dei siste ti åra.

I tillegg til omfordelinga av innsatsen mellom institusjonar og heimetenester aukar kvaliteten på dei tilbodne tenestene. I institusjonane er nærmare 90 prosent av romma no einerom. Tosengsrom utgjer ein stadig mindre del av romma, og rom med meir enn to senger finst knapt lenger.

Medan talet på plassar i aldersheimar har gått kraftig ned, har det vore ein viss auke i talet på plassar i sjukeheimar. Totalt var det nærmare 38 000 slike plassar i 2002, ein auke på nær 2 prosent frå året før. Utviklinga er på denne måten i samsvar med Handlingsplan for eldreomsorgen som vart sett i verk for fem år sidan.

Stabile tal på legar og fysioterapeutar

Når det gjeld kommunehelsetenesta, stabiliserte talet på legar og fysioterapeutar seg i høve til året før, etter ein sterk auke tidlegare. I 2002 var det 8,6 legeårsverk per 10 000 innbyggjarar. Dette talet omfattar ikkje legar som arbeider i institusjon. Tilsvarande var det 8,3 fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggjarar. Framleis er det vekst i jordmor- og helsesysterdekninga per born i alderen frå 0 til 4 år. Auka kjem både av fleire årsverk på området, men også færre fødde dei siste åra.

Ein stadig sterkare tendens dei siste åra har vore ein nedgang i talet på legeårsverk innan miljøretta helsevern og talet på fysioterapeutårsverk innan anna førebyggjande arbeid.

Auka prioritering av pleie og omsorg

Netto driftsutgifter per innbyggjar i prosent av samla netto driftsutgifter viser korleis kommunane prioriterer dei frie inntektene sine. Netto driftsutgifter til pleie og omsorg per innbyggjar auka med 22 prosent frå 2001 til 2002, medan kommunehelsetenesta hadde ein auke på 10 prosent. Netto driftsutgifter til pleie og omsorg utgjer no 34 prosent av totale netto driftsutgifter, medan prosentdelen i 2001 var 30,5. Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesta i høve til totalen er uendra, og utgjer 4.7 prosent.

KOSTRA har vorte innarbeidd

Dei aller fleste av landet sine 434 kommunar rapporterar no elektronisk gjennom KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering). Dette har ført til ei vesentleg meir effektiv innsamling, samstundes som kvalitetskontrollen av informasjonen er forbetra. For dei få kommunane som ikkje har sendt inn alle oppgåver, er opplysningar frå 2001 brukte. Tal for desse kommunane er ikkje med i gjennomsnittstala som vert presenterte i KOSTRA. Meir informasjon om denne rapporteringa finn ein på http://www.ssb.no/kostra .

Tabeller: