20919_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20919
Fleire legar og fysioterapeutar
statistikk
2002-06-19T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire legar og fysioterapeutar

Frå 2000 til 2001 auka ressursinnsatsen av legar, fysioterapeutar og helsesystrer i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Av desse yrkesgruppene sto legane for den største veksten.

Ved utgangen av 2001 utførte legar 3 860 årsverk i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 280 årsverk samanlikna med året før. Målt i høve til befolkninga var legedekninga på 8,5 årsverk per 10 000 innbyggjarar ved årsskiftet.

Det er dei privatpraktiserande legane med avtale med kommunen og turnuslegane som står for denne veksten. Talet på årsverk av fast tilsette legar og legar som ikkje har inngått nokon avtale med kommunen, har i same periode vorte redusert. Dette er heilt i tråd med dei seinare åras utvikling.

Ein må sjå veksten i årsverk av legar i kommunehelsetenesta i samanheng med utvikling på legemarknaden dei siste åra. Fastlegeordninga vart innført frå 1.6.2002, og samstundes har det vorte lagt restriksjonar på å opprette nye stillingar innan spesialisthelsetenesta for å betre tilgangen på legar, mellom anna i kommunehelsetenesta.

I 2001 utførte legar arbeid tilsvarande 253 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats i kommunehelsetenesta. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire fysioterapeutar

Fysioterapeutane utførte 3 745 årsverk i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga ved utgangen av 2001. Dette var ein vekst på 131 årsverk samanlikna med året før. Akkurat som for legane er det den private delen av dette tilbodet som står for størstedelen av veksten blant fysioterapeutane.

I motsetnad til legedekninga er det dei største og mest sentrale kommunane som tradisjonelt har hatt den høgaste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis vorte mindre. Tala viser likevel at innbyggjarane i distrikta førebels ikkje har same tilbodet om fysikalsk behandling som dei busette i store og sentrale kommunar.

365 av alle fysioterapiårsverka i kommunehelsetenesta var i 2001 knytte til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette var 10 årsverk meir enn året før.

Fleire ledige stillingar for jordmødre

Veksten i talet på årsverk av jordmødre i kommunehelsetenesta har stoppa opp. Frå 2000 til 2001 visar tala ein liten nedgang. Jordmødre utførte arbeid tilsvarande 279 årsverk ved utgangen av 2001. Samstundes rapporterer kommunane at andelen ledige stillingar for jordmødre har auka frå 12 til 15 prosent av årsverksinnsatsen. Det er særleg dei minst sentrale kommunane som har problem med å få tilsett jordmødre.

Årsverka for helsesystrer veks frå 1 725 til 1 801 frå 2000 til 2001. Målt i talet på årsverk per innbyggjar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå jordmødre og helsesystrer. Spesielt gjeld dette for jordmødre, der dei minst sentrale kommunane har om lag 4 gongar så mange årsverk per 10 000 nyfødde som dei mest sentrale kommunane.

I 225 av i alt 466 kommunar/bydelar finn ein tilbod om helsestasjon for ungdom. Prevensjonsrettleiing er det mest vanlege tilbodet på desse helsestasjonane. Nær 100 prosent rapporterer at dei har tilbod om prevensjonsrettleiing knytt til denne verksemda.

Innføring av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk har vore under endring dei siste åra. Frå og med 2002 rapporterer alle kommunar data over KOSTRA-systemet. Dette inneber at 218 kommunar/bydelar brukte dette systemet for første gong i år.

Saman med overgang til elektronisk rapportering har det også vorte endringar i publiseringa av statistikken. Detaljerte samanlikningstal for kommunane er tilgjengeleg på Statistisk sentralbyrås heimesider på Internett: http://www.ssb.no/kostra/ .

Avvik mellom tala i KOSTRA og i denne artikkelen kjem av at nokre kommunar ikkje har levert data for 2001. Desse vil liggje i KOSTRA som uoppgitt. For å kunne lage førebelse nasjonale tal har vi valt å bruke data frå 2000-årgangen for dei kommunane som ennå ikkje har levert opplysningar til Statistisk sentralbyrå.

Tabeller: