20923_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20923
Fleire fysioterapeutar
statistikk
2001-06-26T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire fysioterapeutar

Frå 1999 til 2000 har det vorte fleire fysioterapeutar, jordmødre og helsesystrer tilsett i kommunehelsetenesta. Også dekningsgradene har gått opp. Til samanlikning har legeårsverka halde seg tilnærma konstant. Målt i talet på årsverk, var det fysioterapeutane som hadde den største veksten.

I 2000 vart det utført 3 620 årsverk av fysioterapeutar utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 200 årsverk samanlikna med året før. Dersom ein tek med ressursinnsatsen i eldreomsorga, viser tala at årsverk av fysioterapeutar auka med 130 i perioden 1999 til 2000.

Fysioterapeutar i distrikta

I motsetnad til legedekninga er det dei største og mest sentrale kommunane som har hatt den beste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis blitt mindre. Frå 1999 til 2000 vart skilnaden igjen større, men dette har samanheng med at nær 90 årsverk i bydelsovergripande tenester (helsevernetaten) i Oslo er inkludert i statistikken for 2000. Desse årsverka har tidlegare ikkje vore med i datagrunnlaget.

Små og usentrale kommunar treng fleire årsverk per innbyggjar for å gi eit tilbod som er likeverdig med det ein finn i store og sentrale kommunar. Tala viser at innbyggjarane i distrikta førebels ikkje har same tilbodet om fysikalsk behandling som dei som er busette i store og sentrale kommunar.

349 av alle fysioterapiårsverka i kommunehelsetenesta var i 2000 knytt til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette er færre årsverk enn året før, noko som kan ha samanheng med endra klassifisering av verkeområda i skjemane.

Fleire legar med fast lønn

Eit markert trekk ved legetenesta i kommunane, er at det gjennom nesten heile 1990-talet har vore ein overgang av legar frå kommunale stillingar med fast lønn til privat praksis. Fram til 1990 auka talet på årsverk utført av legar med fast lønn, for deretter å stagnere. Etter 1992 byrja årsverk av fastlønna legar utanfor eldreomsorga å gå ned. Frå 1999 til 2000 auka derimot talet på årsverk av legar med fast lønn. Dette har truleg samanheng med endringar i marknaden for leger som følgje av overgang til ordning med fastlege. I 2000 stod fastlønna legar for om lag 19 prosent av legeårsverka i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga.

I 2000 vart det samla sett utført 3 532 årsverk av leger i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette er nær det same som i 1999. Målt i forhold til befolkninga, er det best legedekning i dei minst sentrale kommunane.

I 2000 utførte legar arbeid tilsvarande 229 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats i kommunehelsetenesta. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire jordmødre og helsesystrer

Frå 1999 til 2000 auka talet på årsverk for jordmødre i kommunehelsetenesta frå 269 til 280. Tilsvarande auka årsverka for helsesystrer frå 1 650 til 1 714. Målt i talet på årsverk per innbyggjar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå desse yrkesgruppene. Spesielt gjeld dette for jordmødre, der dei minst sentrale kommunane har om lag 4 gangar så mange årsverk per 10 000 nyfødde som dei mest sentrale kommunane.

Dei siste ti åra har talet på årsverk utført av jordmødre auka med 170. Størst har veksten vore etter at obligatorisk svangerskapskontroll blei innført i 1994. Frå 1990 til 2000 har årsverka for helsesystrer i kommunehelsetenesta auka med 541.

Verknad av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk er for tida under endring. Eit aukande tal kommunar leverer opplysningar for kommunehelsetenesta etter KOSTRA-systemet (Kommune Stat RApportering). I 2001 rapporterte 217 kommunar etter dette nye systemet. I tillegg har skjema for dei andre kommunane blitt tilpassa KOSTRA-skjema.

Nye skjema med til dels endra spørsmål, saman med endra rutiner for innsamlinga, kan ha verknader på resultata i statistikken.

Tabeller: