20925_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20925
Litt meir ressursar til kommunehelsetenesta
statistikk
2000-10-04T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Litt meir ressursar til kommunehelsetenesta

Det har vore ein moderat vekst i årsverk og dekningsgrader for både legar, fysioterapeutar, jordmødre og helsesystrer frå 1998 til 1999. Målt i talet på årsverk, er det legane og fysioterapeutane som har den største veksten.

I 1999 vart det utført 3 527 årsverk av legar i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 61 årsverk - eller 1,8 prosent - samanlikna med året før. Tilsvarande auka talet på årsverk av fysioterapeutar med 59 i same periode, ein auke på 1,7 prosent. Dersom ein tek med ressursinnsatsen i eldreomsorga, viser tala at årsverk av legar og fysioterapeutar auka med i same følgd 63 og 95 i perioden 1999 til 1998.

Fleire fysioterapeutar i distrikta

I motsetning til legedekninga er det dei største og mest sentrale kommunane som har hatt den beste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis blitt mindre. I 1999 var dekningsgraden i dei minst sentrale kommunane for første gong på meir enn 7 årsverk per 10 000 innbyggjarar.

Små og usentrale kommunar har behov for fleire årsverk per innbyggjar for å gi et tilbod som er likeverdig med det ein finn i store og sentrale kommunar. Tala viser at innbyggjarane i distrikta førebels ikkje har same tilbodet om fysikalsk behandling som dei som er busette i store og sentrale kommunar.

419 av alle fysioterapiårsverka i kommunehelsetenesta var i 1999 knytt til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Andelen har auka frå 1998 til 1999.

Fleire private legar

Eit markert trekk ved legetenesta i kommunane er at det gjennom nesten heile 1990-talet har vore ein overgang av legar frå kommunale stillingar med fast lønn til privat praksis. Fram til 1990 auka talet på årsverk utført av legar med fast lønn, for deretter å stagnere. Etter 1992 byrja årsverk av fastlønna legar utanfor eldreomsorga å gå ned. Tala viser etter dette ein nedgang på 507 årsverk. I 1999 stod fastlønna legar for om lag 18 prosent av alle legeårsverka i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga.

I 1999 vart det samla sett utført 3 527 årsverk av legar i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette er ein vekst på 61 årsverk samanlikna med 1998. Sjølv om det samtidig har blitt færre fastlønna legar, har dette blitt meir enn kompensert av fleire legar i privat praksis. Målt i forhold til befolkninga, er det best legedekning i dei minst sentrale kommunane.

I 1999 utførte legar arbeid tilsvarande 225 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats i kommunehelsetenesta. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire jordmødre og helsesystrer

I perioden 1998 til 1999 auka talet på årsverk for jordmødre i kommunehelsetenesta frå 258 til 269. Tilsvarande auka årsverka for helsesystrer frå 1 611 til 1650. Målt i talet på årsverk per innbyggjar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå desse yrkesgruppene. Spesielt gjeld dette for jordmødre der dei minst sentrale kommunane har om lag 4 gonger så mange årsverk per 10 000 fødde som dei mest sentrale kommunane.

Dei siste ti åra har talet på årsverk utført av jordmødre auka med 165. Størst har veksten vore etter at obligatorisk svangerskapskontroll blei innført i 1994. Frå 1989 til 1999 har årsverka for helsesystrer i kommunehelsetenesta auka med 508.

Verknad av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk er for tida under endring. Eit aukande tal kommunar leverer opplysningar for kommunehelsetenesta etter KOSTRA-systemet (KOmmune STat RApportering). I 2000 rapporterte 108 kommunar etter dette nye systemet.

Nye elektroniske skjema med til dels endra spørsmål, saman med endra rutiner for innsamlinga, kan ha verknader på resultata i statistikken.

Tabeller: