20927_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20927
Auka ressursar til kommunehelsetenesta
statistikk
2000-07-05T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka ressursar til kommunehelsetenesta

Både for legar, fysioterapeutar, jordmødre og helsesystrer har det vore vekst i årsverk og dekningsgrader frå 1998 til 1999. Målt i talet på årsverk, er det fysioterapeutane som har den største veksten. Helsesystrer hadde prosentvis størst vekst i talet på årsverk.

I 1999 vart det utført 3 437 årsverk av fysioterapeutar utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 76 årsverk samanlikna med året før. Dersom ein tek med årsverka i eldreomsorga, viser tala at ein hadde 108 fleire fysioterapiårsverk i 1999 enn i 1998.

Fleire private legar

Overgang av legar frå kommunale stillingar med fast lønn til privat praksis er eit trekk ved legetenesta i kommunane som har gått føre seg på nesten heile 1990-talet. Fram til 1990 auka talet på årsverk utført av legar med fast lønn, for deretter å stagnere. Etter 1992 byrja årsverk av fastlønna legar utanfor eldreomsorga å gå ned. Tala viser etter dette ein nedgang på 508 årsverk. I 1999 sto fastlønna leger for om lag 18 prosent av alle legeårsverka i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga.

I 1999 vart det samla sett utført 3 520 årsverk av leger i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette er ein vekst på 54 årsverk samanlikna med 1998. Sjølv om det samtidig har blitt færre fastlønna legar, har dette blitt meir enn kompensert av fleire legar i privat praksis. Målt i forhold til befolkninga, er det best legedekning i dei minst sentrale kommunane.

I 1999 utførte legar arbeid tilsvarande 224 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire fysioterapeutar i distrikta

I motsetning til legedekninga er det dei mest sentrale kommunane som har den beste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis blitt mindre. I 1999 var dekningsgraden i dei minst sentrale kommunane for første gong på meir enn sju årsverk per 10 000 innbyggjarar.

Små og usentrale kommunar har behov for fleire årsverk per innbyggjar for å gje eit tilbod som er likeverdig med det ein finn i store og sentrale kommunar. Dette inneber at innbyggjarane i distrikta førebels ikkje har same tilbodet om fysikalsk behandling som dei som er busette i store og sentrale kommunar.

11 prosent av fysioterapiårsverka var i 1999 knytt til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Andelen har auka noko frå 1998 til 1999.

Fleire jordmødre og helsesystrer

I perioden 1998 til 1999 auka talet på årsverk for jordmødre i kommunehelsetenesta frå 258 til 265. Tilsvarande auka årsverka for helsesystrer frå 1 611 til 1 668. Målt i talet på årsverk per brukar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå desse yrkesgruppene.

Dei siste ti åra har talet på årsverk utført av jordmødre auka med 161. Størst har veksten vore etter innføringa av obligatorisk svangerskapskontroll i 1994. Frå 1989 til 1999 har årsverka for helsesystrer i kommunehelsetenesta auka med 526.

Verknad av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk er for tida under endring. Eit aukande tal kommunar leverer opplysningar for kommunehelsetenesta etter KOSTRA-systemet (Kommune Stat Rapportering). I 2000 rapporterte 108 kommunar etter dette nye systemet.

Nye elektroniske skjema med til dels endra spørsmål, saman med endra rutiner for innsamlinga, kan ha konsekvensar for resultata i statistikken.

Tabeller: