20889_om_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/aar
20889_om
statistikk
2019-06-18T08:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
false

Kommunehelsetenesta2018

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Kommunehelsetenesta
Emne: Helse

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Årsverk – stillingar

Årsverk for legar og fysioterapeutar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene vert rapportert i skjema, medan årsverk for andre yrkesgrupper vert henta frå register. Personellet vert registrert i timar per veke. Talet på timar per veke vert rekna om til heile årsverk (heile stillingar) ved å dividere med eit normaltal per veke. I praksis inneber dette at ein dividerer med 36 timar for fysioterapeutar og 37,5 timar for for legar. For dei andre yrkesgruppene innan helse- og omsorg er timar per veke 35,5. I helse- og omsorgsstatistikken er årsverk meint å romme alt arbeid innanfor heimetenestene og institusjonane, dvs. ikkje berre avgrensa til funksjonane knytte direkte til brukarane og bebuarane, men òg funksjonar som administrasjon og leiing, reinhald og kjøken. Dei tilsette vert registrerte etter utdanning per 31. desember. Alle deltidsstillingar vert rekna om til heiltidsstillingar. Ein registrerer berre avtalt arbeidstid.

Overtid skal ikkje reknast med. Det er avtalte timar, ikkje utførte timar som skal registrerast. Registreringa skal gjelde for ei representativ veke ved utgangen av året.

Organisering av legar og fysioterapeutar: Med organisering meiner ein den forma for tilknyting den enkelte lege og fysioterapeut har avtalt med kommunen. Det er fire formar for tilknyting den einskilde yrkesutøvar kan ha: 1) driftsavtale med kommunen, 2) fast løn, 3) turnuskandidat og 4) legar/fysioterapeutar utan avtale.

Legar og fysioterapeutar med fast løn: Desse yrkesutøvarane er kommunale lønnsmottakarar og er tilsette i stillingar som kommunelege eller kommunefysioterapeut. Dette kan dreie seg om stillingar både på heiltid og deltid. Kommunane dekkjer alle utgiftene til stillingane, medan folketrygda gjev faste tilskot til kommunen per stilling. Arbeidsoppgåvene til desse fastløna legane og fysioterapeutane er fastlagde gjennom kommunale instruksar.

Legar og fysioterapeutar med kommunal avtale: Desse er i utgangspunktet privatpraktiserande, men inngår avtale med kommunen eller bydelen. Ordninga byggjer på ein avtale mellom Kommunesektorens organisasjon (KS), Helse- og omsorgsdepartmentet og legane og fysioterapeutane sine organisasjonar. Legar kan inngå avtale om å praktisere som fastlege, med ansvar for eit fastsett tal på innbyggjarar. I tillegg kan avtalane innebere at legane forpliktar seg til å delta i ordningar for legevakt og andre kommunale oppgåver som eldreomsorg og førebyggjande funksjonar. Kor mykje den enkelte skal utføre av desse oppgåvene, samt opningstider for praksisane, vert definert i dei konkrete avtalene mellom den einskilde yrkesutøvar og kommunen/bydelen. Grunnlaget for inntekta til legar og fysioterapeutar med kommunal avtale er refusjonar frå folketrygda, pasientane sine eigenbetalingar og eit fast beløp (driftstilskot) frå kommunen som vederlag for avtalen.

Legar og fysioterapeutar utan kommunal avtale: Det finst også yrkesutøvarar som driv privat praksis utan å ha avtale med kommunen. Desse er ikkje tekne med i statistikken. For den einskilde pasient vil det ikkje ha noko å seie økonomisk om ein nyttar turnuskandidatar, legar med fast løn, eller legar med kommunal avtale. Legar utan kommunal avtale kan, innanfor visse rammer, ta så høg eigenbetaling som pasientane er viljuge til å godta.

Turnuskandidatar: Turnuskandidatar har vore ein viktig del av tilbodet av tenester frå legar og fysioterapeutar i mange kommunar. I desember 2012 vart føreskrift om spesialistgodkjenning og turnusstillingar (”Forskrift nr 1384 av 21.12.200 om spesialistgodkjenning av helsepersonell og turnusstillinger for leger”) endra slik at det ikkje lenger er krav til turnusteneste for å få autorisasjon som lege. I staden er det krav om turnussteneste for legar i samband med ei eventuell spesialistutdanning. Med denne endringa, vil ein ha følgjande omgrep: 

Turnuslege: autorisert lege i stilling knytt til spesialistutdanning. 

Turnusfysioterapeut: person som har fullført fysioterapiutdanning og er i praktisk  turnusteneste, der 6 mnd. skal gjennomførast i kommunal helse- og omsorgsteneste og 6 mnd. skal gjennomførast i spesialisthelsetenesta. Slik turnusteneste er framleis eit vilkår for å få autorisasjon som fysioterapeut.

Fastlegar

I statistikkbanktabellar som gjeld fastlegar er eininga personer som har avtale med kommunar om å praktisera som fastlege, ikkje talet på avtalar som er inngått eller årsverk. Kvar fastlege er berre talt ein gong. I dei tilfella fastlegen har avtale med fleire kommunar, er ein av kommunane valt som hovudpraksiskommune. Den kommunen kor fastlegen har lengst pasientliste er valt som hovudpraksiskommune. Om fastlegen har like lang liste i fleire kommunar, er den kommunen kor avtalen strekkjer seg lengst fram i tid valt som hovudpraksiskommune.

Data frå fastlegeregisteret inngår óg i datagrunnlaget for KOSTRA. Her er det fastlegeavtalar som er statistisk eining.

Pasientlistestatus: Variabelen er berekna som forholdet mellom fastlegens listekapasitet (fastsett i avtale med praksiskommunen) og talet på innbyggjarar (pasientar) på lista. Ei liste reknast som open (ledige plassar) om listekapasiteten ligg meir enn 20 over det faktiske talet på innbyggjarar på lista, medan den reknast som lukka (ingen ledige plassar) om det er færre enn 20 ledige plassar på lista.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Til og med 2014:

Årsverk for andre utdanningar enn lege og fysioterapeut innan helsestasjons- og skulehelsetenesta og omsorgstenestene vert henta frå register. Desse årsverka er basert på fleire ulike register. Hovudkjeldene til registerbasert statistikk for helse- og sosialpersonell er helsepersonellregisteret til Helsedirektoratet (tidlegare Helsetilsynets autorisasjonsregister) og SSB sitt register over befolkninga si høgaste utdanning. Informasjon om arbeidstakarforhold og sjølvstendige næringsdrivande vert henta frå NAVs arbeidstakarregister, og løns- og trekkoppgåveregisteret (LTO), og sjølvmeldingsregisteret administrert av Skattedirektoratet, Enhetsregisteret/Verksemd- og føretaksregister og lønsregister over kommunalt og statleg tilsette.

Arbeidstakarregisteret er hovudkjelda til data om lønstakarar, men løns- og trekkoppgåveregisteret utgjer eit viktig supplement ved at det fangar opp lønstakarforhold som ikkje er meldepliktige til arbeidstakarregisteret. Begge registera har arbeidsforhold (jobbar) som eining. Sjølvmeldingsregisteret er hovudkjelda til opplysningar om sjølvstendig næringsdrivande. Enhetsregisteret og Verksemd- og føretaksregisteret gir opplysningar om bedriftene (arbeidsstadane). I tillegg nyttast supplerande data frå ei rekke andre kjelder for å kvalitetssikre data frå registra nemnd over: NAVs ARENA-registeret som gir data om arbeidsledige og personar på arbeidsmarknadstiltak, register over tilsette i stat i kommune, lønsstatistikk for tilsette i privat sektor, sjukefråversregisteret mv.

Avgrensinga av sysselsette er basert på ei rekke ulike kjelder, og det er bygd opp eit system i SSB for ei samla utnytting av desse. Systema omfattar modular for konsistensbehandling mellom ulike datakjelder, val av viktigaste arbeidsforhold og klassifisering som sysselsett.

Frå og med 2015:

Registerbasert sysselstetingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar: A-ordninga Endring av datakjelde fører til endring i tidsserien frå og med 2015. Tal over årsverk basert på det nye datagrunnlaget kan ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget.

For meir informasjon om registerbasert sysselsetjing: http://www.ssb.no/emner/06/01/regsys/index.html

For meir informasjon om A-ordninga: http://www.ssb.no/omssb/om-oss/nyheter-om-ssb/a-ordningen-en-datakilde-for-tre-etater

For meir om forholdet mellom gamal og ny årsverksstatistikk kan ein lesa meir på: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/naermere-om-forholdet-mellom-gammel-og-ny-statistikk.

For meir om det nye datagrunnlaget frå A-ordninga, sjå «Om statistikken» for den registerbaserte sysselsettingsstatistikken: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om#content

For 2018-årgangen og samanlikning med tidlegare årgangar:

SSB har tatt i bruk ein ny metode som gir betre informasjon om arbeidstid for 2018. Den nye metoden påverkar berekning av årsverk, og endringstal i talet på årsverk (t.d.frå 2017 til 2018) er dermed ikkje reell. Den nye metoden er under utvikling. SSB vil etter planen publisere endeiege tal for årsverk for årgangane 2015-2019 etter ny metode gjennom KOSTRA i mars 2020. Les mier om den nye metoden her: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/ny-metode-gir-bedre-informasjon-om-arbeidstid.

Brukarar av omsorgstenester

IPLOS omfattar alle brukarar og søkjarar av kommunale helse- og omsorgstenester. Statistikken omfattar alle som er aktive brukarar av tenestene registrerte på ein gjeven dato ved utgangen av året. Kvar person som tek imot tenester blir rekna som brukar. Eit unnatak er hushald der fleire personar tek i mot heimehjelp, praktisk hjelp eller anna teneste retta mot hushaldet. Desse blir rekna som éin brukar, ikkje fleire.

Helse- og omsorgsinstitusjonar

I statistikken for helse og omsorgstenester skal ein institusjon vere heimla i helse- og omsorgstenestloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c, med forskrift nr 1254 av 16.12.2011 om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon: a) Institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år som bur utanfor foreldreheimen som følgje av behov for tenester (barnebustad), her under avlastningsbustader, b) Institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester for rusmiddelavhengige, c) Aldersheim, d) Sjukeheim og e) Døgnplassar som kommunen opprettar for å sørgje for tilbod om døgnopphald for akutt hjelp.

Institusjonsbebuarane betaler etter forskrift for eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester, kapittel 1.

Bustader til omsorgsføremål

Bustader til omsorgsføremål omfattar bueiningar som kommunane stiller til disposisjon for eldre og personar med funksjonsnedsetting som treng hjelp, og som ikkje er rekna som institusjon. Det er her tale om sjølvstendige bueiningar der bebuaren er leigetakar eller deleigar. Ein del av desse bueiningane har tenester knytt til seg, men desse er ikkje nødvendigvis tilgjengelege heile døgnet. Andre bueiningar har ikkje slik tilkopling, og bebuaren nyttar heimetenester på line med andre heimebuande. Mange av desse bueiningane er lagt til rette med tanke på bebuarar med nedsett funksjonsevne. Bueiningane kan ha fellesfunksjonar i ulik utstrekning, til dømes fellesareal (felles opphaldsrom) og felleshushald (tilbod om matservering). Kva desse butilboda vert kalla, kan variere, og døme er bufellesskap, omsorgsbustad (eventuelt servicebustader) og bukollektiv. I tillegg kjem bueiningar for personar med utviklingshemming oppretta i samband med ansvarsreforma for denne gruppa (HVPU- reforma) som tredde i kraft i 1991.

Standard klassifikasjonar

Dei 429 kommunane er gruppert i 16 grupper, etter folkemengde og økonomiske rammetingingar. Grupperinga er basert på Audun Langørgen og Rolf Aaberge (2011): Gruppering av kommunar etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 2008. Rapport 2011/8, Statistisk sentralbyrå.

I berekninga av gjennomsnitt for fylket er kommunane delt inn i 19 fylke etter gjeldande standard for kommuneklassifisering (to første siffer), Regional statistikk.

Fylkeskommunane er inndelt i fem grupper. Grupperinga er identisk med inndelinga av fylkeskommunar i helseregionar bortsett frå at det er oppretta ei eiga gruppe for Oslo kommune.

Fastlegar er klassifisert etter Standard for gruppering av personar etter innvandringsbakgrunn 2008 ( http://stabas.ssb.no/ItemsFrames.asp?ID=5536158&Language=nb ). Denne standarden har 6 kategoriar, men i statistikken brukast berre koden for innvandrarar (B), medan dei andre kategoriane (A, C, E, F, G) vert slått saman til "fastlegar elles". Fastlegar som ikkje er busette i Noreg vert tekne med som "fastlegar som er innvandrarar".

Grupperinga av fastlegar som er innvandrarar etter fødeland, følgjer Standard for land og statsborgarskap i personstatistikk 2012 ( http://stabas.ssb.no/ItemsFrames.asp?ID=8108001&Language=nb ). I ein tabell er fødeland gruppert slik: 1) Norden (utanom Noreg) 2) EU/EØS-området (utanom Norden) 3) Europa utanfor EU/EØS-området 4) Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand 5) USA, Canada, Australia og New Zealand.

Sentralitet for kommunane er klassifisert ettter Standard for sentralitet 2008 ( http://stabas.ssb.no/ItemsFrames.asp?ID=5285601&Language=nb ). Verdiane er Sentrale kommunar, noe sentrale kommunar, mindre sentrale kommunar og minst sentrale kommunar.

Klassifisering av kommunar etter størrelse følgjer Klassifisering av kommunar etter innbyggjartal 1998 ( http://stabas.ssb.no/ItemsFrames.asp?ID=8104002&Language=nb ). Verdiane er 0 - 1 999 innbyggjarar, 2 000 - 4 999 innbyggjarar, 5 000 - 9 999 innbyggjarar, 10 000 - 19 999 innbyggjarar, 20 000 - 29 999 innbyggjarar, 30 000 - 49 999 innbyggjarar, 50 000 innbyggjarar eller fleire.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Lågaste geografiske nivå er kommune og bydelar i Oslo. Det vert òg publisert tal for KOSTRA-grupper, fylker og heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Årleg publisering i KOSTRA 15. mars (ureviderte tal) og 15. juni (reviderte tal) året etter statistikkåret. Endelege tal vert publisert først 15. mars påfølgjande år. I tillegg vert det publisert nasjonale tabellar og eigen kommentarartikkel i vekene etter 15. juni-publiseringa.

Internasjonal rapportering

Det vert årleg levert tal til OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Kvar finn ein statistikken?

Som følgje av samhandlingsreforma vil statistikk for kommunehelsetenesta og statistikk for pleie- og omsorgstenesta truleg på sikt publiserast under eit som statistikk for helse- og omsorgstenesta. Inntil vidare publiserast likevel data for helse- og omsorgstenesta under desse lenkjene:

http://www.ssb.no/helsetjko/

http://www.ssb.no/pleie/

Publikasjonar og andre lenkjer

I tillegg til publiseringa på www.ssb.no er artiklar basert på resultat frå helse- og omsorgsstatistikken publisert i SA Sosialt Utsyn 1998 og 2000, i SA 32 "Eldre i Norge" (1999), i SA 72 "Seniorer i Norge" (2005), SA 115 ”På like vilkår? Helse og levekår blant personer med nedsatt funksjonsevne” og SA 120 ”Seniorer i Norge 2010”. Frå 2003 er det artiklar og tabellar i det årlege indikatornummeret av Samfunnsspeilet med resultat frå helse- og omsorgsstatistikken. Publikasjonen ”Pleie- og omsorgsstatistikk 1962-2010” (SSB Rapporter 10/2012) gjev innblikk i dei organisatoriske endringane som har vore innan helse- og omsorgstenestene i denne tida, samt tidsseriar for ein rekke variable innan helse- og omsorgstenesta.

Artiklar om fastlegar er publisert i "Samfunnsspeilet" og "SSB-magasinet":

SSB-magasinet 2009: http://www.ssb.no/helse/artikler-og-publikasjoner/hver-femte-fastlege-er-innvandrer

SSB-magasinet 2010: http://www.ssb.no/helse/artikler-og-publikasjoner/to-av-fem-fastleger-i-de-minste-kommunene-er-innvandrere

Samfunnsspeilet 2011: http://www.ssb.no/helse/artikler-og-publikasjoner/en-av-fem-fastleger-er-innvandrer

Lagring og bruk av grunnmaterialet

For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine nettsider http://www.ssb.no/kostra/ .

Eigne tabellar kan byggjast frå Statistikkbanken, http://www.ssb.no/statbank/ .

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er i hovudsak å gi ei samla oversikt over den kommunale helse- og omsorgstenesta. Statistikken omfattar opplysningar om mottakarar av ulike kommunale helse- og omsorgstenester, talet på plassar og talet på bebuarar i kommunale institusjonar, og tal for personell innanfor helse- og omsorgstenestene. Statistikken omfattar òg det som tidlegare (før samhandlingsreforma) vart kalla kommunehelsetenesta, slik som fastlege-/allmennlegetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, svangerskaps- og barselsomsorgstenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Statistikk for den kommunale helse- og omsorgstenesta skal gi sentrale, regionale og kommunale styresmakter data til planleggings- og tilsynsføremål. Statistikken skal mellom anna gi kunnskap om personellsituasjonen og om kva som går føre seg i den lokale helse- og omsorgstenesta.

Frå og med 1. januar 2012 er det Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m (helse- og omsorgstenesteloven, lov nr. 30 av 24.06.2011) som definerer dei kommunale helse- og omsorgstenestene og som dermed legg grunnen for den kommunale helse- og omsorgsstatistikken. Det er likevel helseregisterlova §§ 9 og 10, i tillegg til statistikklova § 2-2 som gir heimel for å samla inn og publisera statistikken, jamfør punkt om lovheimel.

Helse- og omsorgstenesteloven vart innført i samband med samhandlingsreforma i helsevesenet, og erstattar Lov om helsetjenesten i kommunene (lov nr. 66 av 19.11.1982) og Lov om sosiale tjenester m.v. (lov nr. 81 av13.12.1991).

Med innføringa av samhandlingsreforma i helsesektoren frå og med 2012 har kommunane fått ansvar for å utvikla helsetenester som kjem før, i staden for og/eller etter opphald i sjukehus. Kommunane skal mellom anna finansiere delar av spesialisthelsetenesta, ha økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar frå dag éin, i tillegg til å ha tilbod om heildøgns opphald i helsetenesta ved behov for akutt hjelp. Kravet om akutt-døgnplass gjeld frå og med 01.01.2016.

Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og finansieringsansvar for utskrivingsklåre pasientar skal oppmoda kommunane til å byggja opp helsetenester som gjer det mogleg å gi helsehjelp i staden for og etter behandling i spesialisthelsetenesta.

Samhandlingsreforma legg òg vekt på kommunane sitt ansvar for førebygging av helseproblem. Dette er spesielt heimla i Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) kap. 2, som kom i fornya utgåve samstundes med helse- og omsorgstenesteloven i 2012. Vidare er ansvar for førebyggjande helsearbeid heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2, første ledd nr 1 og 2: ”For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgende:

1. Helsefremmende og forebyggende tjenester, herunder:

a. helsetjeneste i skoler og

b. helsestasjonstjeneste

2. Svangerskaps- og barselomsorgstjenester.”

Helse- og omsorgstenesta i kommunane omfattar elles følgjande oppgåver og tenester i følgje helse- og omsorgstenesteloven § 3-2:

3. Hjelp ved ulykker og andre akutte situasjoner, herunder:

a. legevakt,

b. heldøgns medisinsk akuttberedskap og

c. medisinsk nødmeldetjeneste

4. Utredning, diagnostisering og behandling, herunder fastlegeordning

5. Sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering

6. Andre helse- og omsorgstjenester, herunder:

a. helsetjenester i hjemmet,

b. personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt,

c. plass i institusjon, herunder sykehjem og

d. avlastningstiltak.

(Utdrag frå § 3-2 i helse- og omsorgstenesteloven).

Innsamling og publisering av statistikk frå kommunane er under stadig endring. Mykje av dataa vert samla inn gjennom KOSTRA-systemet (Kommune-Stat-Rapportering). KOSTRA starta som eit prosjekt i 1995. Føremålet har vore å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, i tillegg å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA byggjar på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå, og på data frå ei rekke andre kjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Blant desse kan spesielt nemnast rekneskapsdata, SSBs registerbaserte sysselsetjingsstatistikk og befolkningsdata. Rapporteringsåret 2001 var det første året der alle kommunar var med i KOSTRA.

Meir informasjon om KOSTRA-rapporteringa og detaljerte tal totalt og for kvar einskild kommune finn ein på http://www.ssb.no/kostra/ og i Statistikkbanken ( http://www.ssb.no/statistikkbanken/ ).

Statistikk over personell i omsorgstenesta er frå og med 2003 for det meste henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Frå og med 2010 vert også årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta henta frå register.

For å gi styremaktene betre informasjon om verksemda og brukarane er det gjennom fleire år arbeidd med å utvikla eit system for individbasert statistikk over brukarar og søkjarar av kommunane sin helse- og omsorgsteneste. Frå og med 2007-årgangen er statistikken om brukarane av omsorgstenester basert på innsamling til IPLOS-registeret.

Publikasjonen ”Pleie- og omsorgsstatistikk 1962-2010” (SSB Rapporter 10/2012) gjev innblikk i dei organisatoriske endringane som har vore innan helse- og omsorgstenestene i denne tida, og tidsseriar for ei rekke variablar innan helse- og omsorgstenesta. Sjå http://www.ssb.no/emner/03/02/nos_pleie/rapp_201210/rapp_201210.pdf

Brukarar og bruksområde

Statistikken er viktig for dei sentrale styresmaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne helse- og omsorgstenestene både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå – og over tid. I eit demokratisk samfunn vert også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.

Sentrale brukarar er Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, regionale og kommunale styresmakter, KS og andre interesseorganisasjonar, forskarar, media og allmennheita generelt.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Statistikken kan sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område,  særleg statistikk for omsorgstenesta ( http://www.ssb.no/helse/statistikker/pleie ) og spesialisthelsetenesta ( http://www.ssb.no/helse/statistikker/speshelse ).

For statistikk om befolkningas bruk av fastlege, sjå statistikk for fastlegetenesta på http://www.ssb.no/helse/statistikker/fastlegetj .

Lovheimel

For summariske data (KOSTRA-skjema): Oppgåvene vert henta inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet i medhald av helseregisterloven (lov av 18. mai 2001 nr 24) § 10. Statistisk sentralbyrå nyttar samstundes opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 16.juni 1989 nr 54) § 2-2.

For individdata (pseudonymt register for Indivibasert PLeie- og OmsorgsStatistikk, IPLOS): helseregisterloven § 9, jf IPLOS-forskriften (17. februar 2006 nr 204) § 2-1.

Den registerbaserte personellstatistikken er heimla i statistikkloven § 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Statistikken er basert på registrering av helse- og omsorgstenestene i alle kommunar, inkludert alle kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar, både private og kommunale.

Datakjelder og utval

Helse- og omsorgsstatistikken baserer seg på følgjande datakjelder:

  • Årleg innsending av tre elektroniske spørjeskjema til alle kommunar og institusjonar for eldre og personar med funksjonsnedsetting via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering)
  • Årleg innsending av data om brukarar og søkjarar av helse- og omsorgstenester på individnivå til IPLOS-registeret
  • SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk
  • Fastlegeregisteret frå Helsedirektoratet er datakjelde for statistikk om fastlegar og listelengde.

Statistikken omfattar alle kommunar, og bydelane i Oslo. Statistikken omfattar òg alle brukarar og søkjarar av helse- og omsorgstenester og alle institusjonar innan den kommunale helse- og omsorgstenesta, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 3-2 og forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon.

Datainnsamling, editering og beregninger

Datainnsamling

Statistikk over personell i omsorgstenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta er henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.

Fram til og med 2014 var den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken basert på ulike offentlege register, der NAVs Aa-register var det viktigaste. Frå og med 2015 blei rapportering frå arbeidsgivarane til NAV sitt Arbeidsgivar-/arbeidstakarregister (Aa-registeret) samt nokon rapporteringer til Skatteetaten og SSB samla i ei ny felles rapporteringsløysing, kalla a-ordninga. A-ordninga er ein samordna digital innsamling av opplysningar om arbeidsforhold, inntekt og skattetrekk til Skatteetaten, NAV og SSB. Ordninga inneber at SSB får opplysningar om løn og tilsette direkte frå a-meldinga, som er den elektroniske meldinga som inneheld alle opplysningane som blir samla inn, i staden for fleire ulike kjelder som tidlegare.  For meir informasjon, sjå:  http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om

Opplysningane om helse- og omsorgstenester vert samla inn ved at kommunane fyller ut data på elektroniske skjema. Tre ulike skjema er i bruk. Det første gjeld helsetenester som lege, fysioterapeut og helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det andre omfattar mellom anna opplysningar om organisering av omsorgstenestene, om kva for heimetenester som er tilgjengelege på ulike tider av døgnet, om dagsentret og om eigenbetaling for praktisk bistand. Det tredje er eit skjema til institusjonane, der dei mellom anna skal fylle ut talet på plassar totalt, talet på rom for ein bebuar/fleire bebuarar, type plassar og talet på plassar disponerte av andre kommunar. Svarfristen for skjemarapporteringa er 15. februar kvart år.

Opplysningane om brukarar og søkjarar av kommunens omsorgstenester vert kontinuerleg registrerte i kommunens fagsystem. Opplysningane som vert registrerte om den einskilde brukar er i hovudsak alder, kjønn, sivilstand, kva for tenester som er mottekne, brukarens behov for assistanse og diagnose. Tenestene vert registrerte med vedtaksdato (start og slutt). For dei mest sentrale heimetenestene vert det registrert kor mange timar per veke brukaren er tildelt. For dei som har plass i institusjon eller bemanna bustad vert institusjonens (bustadens) organisasjonsnummer registrert. Frå eige fagsystem tar kommunane eit utrekk av dei opplysningane som er naudsynte for statistikken om personar som har motteke og/eller søkt om tenester i løpet av statistikkåret. Data vert først sende elektronisk til Skattedirektoratet som byter ut fødselsnummer med pseudonym før data vert sende til SSB. På den måten sikrar ein brukaranes anonymitet samstundes som registeret vert personeintydig. Det er eit viktig prinsipp for denne prosedyren at ingen av aktørane samstundes får tilgang på IPLOS data og fødselsnummer. Svarfristen for IPLOS-innsending er 15. januar kvart år.

Revisjon

Data vert kontrollert automatisk under utfyllinga av dei elektroniske KOSTRA-skjema. Førebelse tal vert publiserte 15. mars. Slik kan kommunane sjølve kontrollere eigne data og samanlikne seg med andre. Statistisk sentralbyrå kontrollerer og reviderer deretter datamaterialet, ved å samanlikne med tal frå føregåande år og vurdere dei relative tala som kjem fram for den einskilde kommunen. Dette kan til dømes vere talet på brukarar, årsverk eller plassar institusjon sett i høve til talet på eldre i kommunen. I dei tilfella der kontrollen viser store avvik frå det eine året til det andre eller relative størrelsar som skil seg mykje frå samanliknbare kommunar, vert kommunen kontakta for ei nærare avklaring og mogleg oppretting. I tillegg til dei nemnde kontrollane kjem kontrollar for å få eit logisk samsvar mellom opplysningane i dei ulike postane i skjema.

Kontroll av opplysningar i IPLOS-registeret omfattar i hovudsak logiske kontrollar, kontrollar av at alle opplysningar er sendt inn og at dei er konsistente i forhold til andre register i SSB. Ved feil vert kommunane bedne om å sende inn uttrekk på nytt.

Oversikt over fastlegar med fødselsnummer vert kopla mot folkeregisteret og variablane innvandringskategori og fødeland vert lagt til. Fastlegar som ikkje er busette i Noreg, har ikkje fødselsnummer og dessa manglar ein del opplysningar som vert henta frå befolkningsstatistikken. Desse fastlegane er tekne med i statistikken saman med fastlegar som er innvandrarar, men utan opplysningar om fødeland.

Trass i eit omfattande arbeid med revisjon, vil det likevel kunne hefte feil eller manglar ved tal som vert presenterte.

For informasjon om kontroll av sysselsetjingsstatistikk, frå A-ordninga, sjå Om statistikken: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27?fane=om#content

Berekningar

Data vert publiserte på ulike nivå, som grunnlagsdata og indikatorar. Grunnlagsdata vil i stor grad vere talet på einingar summert for ein periode eller per ein bestemt teljedato og rapportert som absolutte tal, medan indikatorar er forholdstal (grunnlagsdata sett i forhold til kvarandre, til brukargrupper o.l.).

For indikatorane vert det i tillegg vist gjennomsnitt for kommunegrupper, fylket, fylkesregionen eller landet. Det er nytta vekta gjennomsnitt (kvar brukar/mottakar tel likt => store kommunar gir større utslag på snittet enn små kommunar) for dei fleste indikatorane. Frå og med året 2008 vert det laga sum for grunnlagsdata ved at tal for kommunar som ikkje har levert data vert berekna. Gjennomsnitta bereknast deretter av dei estimerte sumtala. For åra før 2008 held ein ev. kommunar/ fylkeskommunar med fråfall i data utanfor berekningane for teljar eller nemnar. For indikatorar i absolutte tal er aritmetisk gjennomsnitt (kvar kommune tel like mykje, uansett storleik) nytta. For enkelte indikatorar (bl.a. ja/nei spørsmål) er det ikkje angitt gjennomsnitt. Landsgjennomsnitt vert vist både med og utan Oslo. Dette kjem bl.a. av at Oslorekneskapen dekkjer både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, slik at tala ikkje alltid kan samanliknast.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

For IPLOS gjeld eigne reglar for konfidensialitet. For å beskytte enkeltindivid mot gjenkjenning prikkast tal som er mindre enn 5. I tabellar med rad- og kolonnesummar vert også sekundærprikking nytta for å hindre at ein kan rekne seg fram til tala som vert prikka.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken har vore endra fleire gonger, men ein kan gi samanhengande tidsseriar for alle sentrale variablar frå og med 1987 for det som tidlegare vart kalla kommunehelsetenesta og frå 1991 for det som tidlegare vart kalla pleie- og omsorgstenester.

Frå og med 2007 er IPLOS kjelde for statistikk over brukarar av omsorgstenestene i kommunane. Dette gjer at tal for brukarar av omsorgstenestene i 2007 ikkje kan samanliknast direkte med tidlegare år.

Statistikk om fastlegar dekkjer åra frå 2002, det første heile året da ordninga omfatta heile landet.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar: A-ordninga. Endring av datakjelde fører til endring i tidsserien frå og med 2015. Tal over årsverk basert på det nye datagrunnlaget kan ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Måle- og handsamingsfeil

Kontrollane som er lagt inn i dei elektroniske skjemaa, i konverteringsprogram for filuttrekk og i mottaket i SSB gjev ein automatisk og rask tilbakemelding til den som rapporterer. Erfaring syner, at dette minskar feilrapporteringa i forhold til tidlegare papirrapportering.

Fråfallsfeil

KOSTRA-data er basert på fullteljing, dvs. at alle einingar i denne statistikken - kommunar, bydelar og aktuelle institusjonar - skal rapportere kvart år.

Det er eit utfordring, først og fremst i mars, at fleire kommunar ikkje rapporterer data i tide til at dei kjem med i publiseringa. Fråfallet gjer det vanskeleg å seie noko om verdien på nasjonalt nivå. For å bøte på dette fråfallet er det berekna eit anslag for verdien for dei kommunane som manglar data, slik at ein kan presentera estimerte verdiar på nasjonalt og regionale nivå.

Det vert nytta fleire metodar for å estimera nasjonale og regionale verdiar, avhengig av kva som høver for den enkelte statistikkvariabel. Enkelte metodar tek utgangspunkt i at det i kvar KOSTRA-gruppe er ein positiv samanheng mellom statistikkvariabelen og ein forklaringsvariabel, som til dømes folkemengde eller fjorårets verdi for kommunen. For mange variablar innanfor helse og omsorg er det nytta rein innsetjing av fjorårets verdiar. På bakgrunn av dette kan man gje eit anslag for verdien for heile landet og for dei ulike regionale nivåa.

Dei estimerte tala bør berre nyttast som eit anslag på kva den nasjonale verdien kunne ha vore om alle data hadde vore rapporterte, og ikkje som faktiske summar.

A-ordninga, frå og med 2015: Det er manglar i rapportering av stillingsprosent, som blir nytta for og berekne avtalt/vanleg arbeidstid. For mange av desse blir det berekna stillingsprosent basert på tal over betalte timar (gjeld i hovudsak timeløna). Det blir arbeida med å forbetre kvalitet på rapporteringa, samstundes som SSB testar ut metodar for å justere for manglar ved rapporteringa.

Sjølvstendig næringsdrivande blir identifisert ved hjelp av informasjon frå Sjølvmeldingsregisteret. Grunna lang produksjonstid ligg opplysningar om næringsverksemd frå året før til grunn for utarbeiding av statistikken. Som følgje av denne tidsforskyvinga kan personar dermed feilaktig bli klassifisert som sysselsette, om dei avslutta verksemda det føregåande året.

Totaltalet på sysselsette blei før 2015 bestemt av AKU samla og fordelt på lønstakarar og sjølvstendige. Frå og med 2015 er det berre tal over sjølvstendige som blir bestemt av AKU.  For lønstakarar slepp ein difor utvalsusikkerheita som følgjer med AKU-tala. På den andre sida blir nivåtalet på lønnstakarar litt for lågt.  

Andre feil

Organiseringa i dei ulike kommunane er svært ulik. Dette gjer at skjema ikkje alltid passar like godt for alle. Manglande samsvar mellom registreringane og dei faktiske forholda skjemaet tek sikte på å registrere, kan difor finnast.

Timeverk av legar med driftsavtale: I følgje rettleiinga skal tala omfatte timar per veke som er avtalt mellom legane og kommunen. Av og til ser vi at kommunane fører opp timane som legane faktisk har arbeidd, sjølv om dette talet overstig timane som ligg til grunn for avtala.

Timar av legar med fast løn: I følgje rettleiinga skal overtid ikkje reknast med. Det har vorte registrert enkelte kommunar som likevel tek med overtid. Tala til desse vert reviderte dersom SSB har vorte gjort merksam på at slikt arbeid er medrekna.

Fordeling på verksemdsområde: For både legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar hender det at kommunane ikkje fordeler timane på dei ulike verksemdsområda. I slike høve tek SSB kontakt med kommunane.

Registerfeil: Opplysningane som finst i registeret over institusjonar blir samanlikna med opplysningar frå Enhetsregisteret.

Revisjon

Ikkje relevant