53485_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/aar
53485
Over 11,3 milliardar til helse i kommunane
statistikk
2011-07-05T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 11,3 milliardar til helse i kommunane

Over 11,3 milliardar kroner vart brukt på helsetenester i kommunane i 2010. Helsekontrollar av dei fleste små born i helsestasjon vert framleis gjennomført. Dekningsgraden aukar for legar, medan den held seg uendra for tredje året på rad for fysioterapeutar.

Målt i brutto driftsutgifter vart det brukt om lag 722 millionar kroner meir på kommunehelsetenester i 2010 enn i 2009. Dette tilsvarer ein vekst på 6,8 prosent. Det inneber at kvar nordmann kostar kommunane i overkant av 2 290 helsekroner i gjennomsnitt. Den største utgiftsfunksjonen er diagnose, behandling og rehabilitering, som utgjorde om lag 8,1 milliardar, eller 72 prosent, av dei samla utgiftene i 2010. Tala inkluderer mellom anna driftstilskot og fastløn til legar og fysioterapeutar. Fastlege- og fysioterapitenesta er eit kommunalt ansvar, men finansieringa er delt mellom kommunane og staten, med takstutbetalingar og ein viss grad av eigenbetaling frå pasientane. Helseutgiftene til kommunane inneber også utgifter til helsestasjons- og skulehelseteneste retta mot gravide, born og ungdom. Totalt brukte kommunane i underkant av 2,3 milliardar kroner på desse tenestene i 2010. Dette er ein auke på vel 8 prosent frå 2009.

Brutto driftsutgifter, kroner per innbyggjar. 2002-2010

Helsekontrollar for dei fleste små born

Kommunane held fram med å ha høg og stabil dekningsgrad for helsestasjonsundersøkingar av små born. Sjølv om delen born som har gjennomgått undersøking, vert lågare etter kvart som borna vert eldre, er det ein auke i delen fireåringar og førsteklassingar som har gjennomført kontroll mellom 2009 og 2010.

Foreldra til tre av fire nyfødde fekk tilbod om, og takka ja til, heimebesøk i 2010. Dette er om lag det same som dei siste fire åra og er ein lågare prosentdel enn for dei som gjennomførte åttevekerskontrollen. Ei av hovudårsakene til at det er færre som gjennomfører heimebesøk, er at fleire kommunar berre tilbyr heimebesøk til førstegongsfødande, eller berre tilbyr samtale ved helsestasjonen i staden for heime hos familien.

Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta frå register

I år vart det for første gong publisert årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta henta frå register (for meir informasjon , sjå boks). Samla var det snautt 3 613 avtalte årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2010. Desse tala inkluderer årsverk for legar og fysioterapeutar innrapportert via skjema. Helsesystrer utgjer over halvparten av årsverka innanfor tenesta, medan årsverk utan fagutdanning utgjer om lag 14 prosent av det samla talet på årsverk innanfor helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Fleire legar, særleg i institusjonane

Talet på årsverk for legar i kommunane held fram med å veksa. Frå 2009 til 2010 kom det til 111 nye legeårsverk i kommunane. Talet på legar per 10 000 innbyggjarar har auka frå 9,1 til 9,6 i femårsperioden 2006-2010. Den prosentvise auken av legeårsverk er størst i dei mest sentrale stroka i denne perioden. Dei fleste legeårsverka har kome til i institusjonar for eldre og funksjonshemma, medan den prosentvise auken er størst innanfor anna førebyggjande arbeid.

Fleire tabellar om fastlegar finn du i Statistikkbanken .

Fordeling av full- og deltidsheimlar for fysioterapeutar. Fylkesvis

Fleire fysioterapeutar innanfor diagnose, behandling og rehabilitering

Det samla talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane held også fram med å veksa. Frå 2009 til 2010 kom det til 54 nye fysioterapeutårsverk i kommunane. Private fysioterapeutar er ikkje inkluderte i dette talet. Sjølv om talet på fysioterapeutar har auka frå 2009 til 2010, held måltalet for fysioterapeutar per 10 000 innbyggjarar seg uendra på 8,7. Dette tyder på at veksten i fysioterapiårsverk held følgje med befolkningsauken i landet. Etter ein nedgang frå 2008 til 2009 ser ein igjen ein auke i fysioterapiårsverk innanfor diagnose, behandling og rehabilitering, på vel 42 årsverk mellom 2009 og 2010. Den prosentvise auken er størst innanfor helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Nær halvparten av fysioterapiheimlane er fulltidsavtalar

I 2010 var det i gjennomsnitt 0,76 årsverk per avtaleheimel (private fysioterapiårsverk med driftsavtale), dette er nokolunde det same som i 2009. Ei fordeling av fulltids- og deltidsheimlar for fysioterapeutane viser at 46,5 prosent av heimlane er fulltid. Blant deltidsheimlane er om lag tre av fire heimlar mellom 40 og 100 prosent. Det er særleg små kommunar som opererer med dei minste deltidsheimlane mellom 20 og 40 prosent.

Registerbaserte tal på årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta

Frå 2010 vert talet på avtalte årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta (funksjon 232) publisert med registerdata som kjelde. Det betyr eit tidsseriebrot i statistikken mellom 2009 og 2010. Etter fleire år med vurdering av datakvaliteten i register vart det i 2010 fatta avgjersle om ein overgang. Fram til og med 2010-rapporteringa har årsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta blitt rapportert via KOSTRA-skjema 1, personell og verksemd i kommunehelsetenesta. SSB kjem til å halda fram med å samla inn desse tala ved 2011-rapporteringa. Meininga er at kommunar skal ha mulegheit til å samanlikna tala frå skjema og register i nokre år for å gjera kvaliteten på registertala enno betre i tida som kjem. Når det gjeld lege- og fysioterapiårsverk for helsestasjons- og skulehelsetenesta (funksjon 232), vil ein halda fram med å rapportera desse via skjema 1.

Tabeller: