56444_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
56444
Framleis oppgang i industriproduksjonen
statistikk
2012-01-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis oppgang i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,9 prosent frå september til og med november 2011 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det er klare forskjellar mellom næringane i industrien.

Mellom anna viser næringane maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer ein klar vekst. Dette er knytt til dei rekordhøge investeringane i norsk olje- og gassverksemd i 2011 (sjå investeringsstatistikk 4. kvartal 2011 ). Svikt i den eksportretta etterspurnaden gjer at andre delar av norsk industri har nedgang i produksjonen. Dette gjeld til dømes kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall. Elles var produksjonen i næringsmiddelindustrien om lag uendra frå september til og med november 2011 samanlikna med månadene før.

Utvalde næringar. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2005-2011

Industriproduksjon. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2000-2011

Frå november 2010 til november 2011

Produksjonen i industrien gjekk opp med 0,4 prosent frå november 2010 til november 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Næringar med vekst i produksjonen var mellom anna data- og elektrisk utstyrsindustri, maskinindustri, og bygging av skip og oljeplattformer. Næringsmiddelindustri, kjemiske råvarer og metallindustri til dømes hadde ein nedgang i produksjonen i same tidsrom.

Frå oktober til november 2011

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,2 prosent frå oktober til november 2011, viser sesongjusterte tal. Trelast- og trevareindustri, metallvareindustri og maskinindustri hadde ein vekst i produksjonen. I kjemiske råvarer, metallindustri og data- og elektrisk utstyrsindustri var det ein nedgang i produksjonen frå oktober til november 2011.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk opp 0,7 prosent frå oktober 2010 til oktober 2011, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2,2 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2011. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  November 2010-november 2011 Januar 2010-november 2010-
Januar 2011-november 2011
Oktober 2011-november 2011 Juni 2011-august 2011-
september 2011-november 2011
 
Totalindeksen -1,2 -4,4 1,2 0,8
         
Olje- og gassutvinning -4,0 -8,3 1,5 2,1
Industri 0,4 1,2 0,2 1,9
Kraftforsyning 6,3 4,6 3,1 -8,8
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 6,0 6,2 0,5 1,4
Investeringsvarer 6,8 3,0 0,3 4,7
Konsumvarer -8,9 -2,4 1,8 -1,6
Energivarer -3,3 -8,2 1,2 0,7
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel september til og med november 2011 mot juni til og med august 2011. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen