84925_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
84925
Oppsving i industrien
statistikk
2012-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppsving i industrien

Norsk industriproduksjon gjekk opp 2,0 prosent frå mai til og med juli 2012 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Det var klår vekst i næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer i denne perioden. Dette heng saman med ein markert vekst i ordretilgangen for desse næringane (sjå ordrestatistikk industri ), etter sterk oppgang i olje- og gassinvesteringane over tid (sjå investeringsstatistikk olje og gass ). Produksjonen i næringsmiddelindustrien har også auka grunna ein markert vekst i fisk og fiskevarer. Her er det høg etterspurnad over tid som har gjeve grunnlag for auka produksjon av norsk oppdrettslaks. Slaktevolumet av laks var difor klart større i juli 2012 enn på same tid i 2011. Det var elles ein nedgang i produksjonen i trelast- og trevareindustrien samt i kjemiske råvarer frå mai til og med juli 2012 samanlikna med månadene før.

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2001 - 2012

Frå juli 2011 til juli 2012

Produksjonen i norsk industriproduksjon gjekk opp 7,6 prosent frå juli 2011 til juli 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Det var ein klår vekst i næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer, medan det var ein markert nedgang i kjemiske råvarer og papir- og papirvareindustrien. Det var elles ein auke i produksjonen i norsk næringsmiddelindustri frå juli 2011 til juli 2012.

Frå juni til juli 2012

Det var ein auke på 0,3 prosent i norsk industriproduksjon frå juni til juli 2012, viser sesongjusterte tal. Næringsmiddelindustri, maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer hadde ein vekst i produksjonen, medan det var nedgang i ikkje-jarnhaldige metall.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 4,3 prosent frå juni 2011 til juni 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 2,4 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Juli 2012. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Juli 2011-
juli 2012
Januar 2011-juli 2011-
Januar 2012-juli 2012
Juni 2012-
juli 2012
Februar 2012-april 2012-
mai 2012-juli 2012
 
Totalindeksen2,65,6-4,51,9
     
Utvinning og utvinningstenester1,33,2-6,52,3
Industri7,62,20,32,0
Kraftforsyning-1,525,5-8,42,6
     
Etter varetype    
Innsatsvarer1,92,30,60,1
Investeringsvarer14,39,8-0,14,1
Konsumvarer9,2-0,40,13,6
Energivarer0,34,7-5,90,0
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og heilagdagar i Noreg.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel mai til og med juli 2012, mot februar til og med april 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

Timeverk frå innleidde arbeidarar

Frå og med januar 2012 er også timeverk utført av innleidde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien. Slike tal er samla inn frå og med januar 2011. Når ein tek med desse timeverka vil det kunne føre til noko større kortsiktige svingingar for næringar som bruker stor grad av innleidde arbeidarar. Samtidig vil det gi eit meir korrekt bilete av den faktiske aktiviteten i næringar der produksjonsindeksen brukar timeverk som indikator. Innleigd arbeidskraft vil typisk kunne hentast inn på kort sikt for å ta unna oppdrag i periodar med høgkonjunktur, samtidig som denne type arbeidskraft raskt kan takast ut av verksemda i periodar med lågkonjunktur. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og installasjon brukar i stor grad innleigd arbeidskraft i periodar med høg aktivitet.

Nye prosjekt

Nye prosjekt i næringar med timeverk som indikator blir fanga opp kontinuerleg, dersom prosjektet blir gjennomført av verksemder som er dekte av utvalet. Det er det totale talet timar som er utført i teljingsmånaden som skal rapporterast, uavhengig av kva for prosjekt timane er knytte til.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen