8537_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8537
Betring i industriproduksjonen
statistikk
2010-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betring i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at norsk industriproduksjon auka med 2,3 prosent frå september til og med november 2009 samanlikna med den førre tremånadersperioden.

Produksjonsindeksen for industri. Januar 1998-november 2009. 2005=100

Veksten i industriproduksjonen var mellom anna knytt til oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som hadde ein oppgang på 10,8 prosent i perioden. Bedriftene i desse næringane står for om lag 12,5 prosent av samla produksjon i norsk industri. Det er produksjonen i kjemiske råvarer som bidreg mest gjennom ein auke på 16,5 prosent. Dette er mellom anna knytt til vidare vekst i solcellerelatert industri.

Auke for metall- og næringsmiddelindustrien

Metallindustrien bidrog også til veksten i siste tremånadersperioden med ein auke i produksjonen på 4,9 prosent. Produksjonen er likevel klart lågare enn i tida før finanskrisa hausten 2008. Næringsmiddelindustrien hadde ein vekst på 2,1 prosent i siste tremånadersperioden grunna høg eksport av fisk og fiskevarer.

Uendra for bygging av skip og oljeplattformer

I bygging av skip og oljeplattformer held produksjonen seg framleis på eit høgt nivå, og i den siste tremånadersperioden var produksjonen uendra. Resultata er knytt til den noverande ordremassen i næringa, som enno gjev grunnlag for høg aktivitet. Ordrestatistikk for 3. kvartal 2009 viser at ordretilgangen fall kraftig, slik at reservane for næringa blei klart reduserte i denne perioden. Det var ein vekst på 2,0 prosent i metallvareindustrien frå september til og med november 2009 samanlikna med månadene før.

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1998-2009

Frå oktober til november 2009

Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst i norsk industriproduksjon på 0,9 prosent frå oktober til november 2009. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri medverka til oppgangen med ein vekst på 3,9 prosent. Metallindustrien hadde også ein vekst på 1,5 prosent denne månaden. Trelast- og trevareindustrien samt bygging av skip og oljeplattformer trakk i motsett retning med ein nedgang på høvesvis 1,4 og 0,6 prosent.

Frå november 2008 til november 2009

Virkedagskorrigerte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med 3,3 prosent frå november 2008 til november 2009. Metallvareindustri, data-, elektrisk utstyrsindustri samt annan verkstadindustri hadde eit markert fall i produksjonen denne perioden, medan maskinindustrien hadde ein vekst på 1,5 prosent.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 11,5 prosent frå oktober 2008 til oktober 2009. Norsk industriproduksjon gjekk ned med 5,3 prosent i det same tidsrommet, viser virkedagskorrigerte tal.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2009. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 November 2008-
november 2009
Januar 2008-november 2008-
januar 2009-november 2009
Oktober 2009-
november 2009
Juni 2009-august 2009-
september 2009-november 2009
 
Totalindeksen-4,3-3,20,51,4
     
Olje- og gassutvinning-5,4-2,01,10,0
Industri-3,3-6,50,92,3
Kraftforsyning-4,1-8,4-9,819,3
     
Etter varetype    
Innsatsvarer6,0-8,45,610,2
Investeringsvarer-0,12,10,21,0
Konsumvarer-5,4-6,3-0,82,4
Energivarer-7,0-2,80,5-1,0
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
 

Tabeller