8611_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8611
Vekst i norsk industri
statistikk
2006-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i norsk industri

Gjennomsnittleg industriproduksjon for august til og med oktober 2006 viste ein auke på 1,1 prosent samanlikna med mai til og med juli i år, viser dei sesongjusterte tala. Oppgangen i produksjonen av investeringsvarer har halde fram saman med ein vekst for innsatsvarer.

Investeringsvarer hadde ein auke på 2,2 prosent. Dette heng saman med den særs høge aktiviteten i norsk plattform- og metallvareindustri i 2006. Den aukande etterspurnaden etter verkstadprodukt frå utlandet gjennom 2006 har gjeve grunnlag for vekst i produksjonen i maskinindustrien på 1,1 prosent samanlikna med mai til og med juli i år.

Auke for innsats- og konsumvarer

Det var ein vekst på 1,9 prosent i produksjonen av innsatsvarer i den siste perioden på tre månader samanlikna med perioden før. Trelast- og trevareindustrien hadde ein oppgang saman med gummivare- og plastindustri og mineralproduktindustrien. Desse endringane kan knytast til den høge byggjeverksemda i Noreg. Innan kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall gjekk produksjonen noko ned.

Produksjonen av konsumvarer viste ein auke på 0,3 prosent for august til og med oktober i år samanlikna med perioden før. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein liten nedgang, medan forlag og grafisk industri kunne vise til ein vekst i produksjonen. Møbelindustrien hadde og ein oppgang i produksjonen i den siste perioden.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 3,9 prosent frå september 2005 til september 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 3,3 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Oktober 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
 Oktober 2005- oktober 2006Jan.05-okt.05- Jan.06-okt.06September 2006- oktober 2006Mai 06-jul.06- aug.06-oct.06
 
Totalindeksen-4,5-2,1-2,3-0,9
     
Olje- og gassutvinning-10,0-4,6-4,9-1,8
Industri7,54,32,01,1
Kraftforsyning-24,1-8,8-5,3-4,4
     
Etter varetype    
Innsatsvarer6,63,30,71,9
Investeringsvarer12,99,92,32,2
Konsumvarer3,90,24,50,3
Energivarer-10,8-4,9-5,8-1,8
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller