8615_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8615
Vekst i produksjonen av investeringsvarer
statistikk
2006-10-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i produksjonen av investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein auke på 2,3 prosent frå juni til august i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Det var også ein vekst i produksjonen av konsumvarer.

Innan investeringsvarer har plattform- og metallvareindustrien har hatt ein ny auke i produksjonen. Dette var knytt til den høge aktiviteten på landanlegg og i feltutbygging på norsk kontinentalsokkel. Produksjonen i elektroteknisk og optisk industri har også vakse, medan maskinindustrien har hatt ein liten nedgang.

Produksjonen av konsumvarer gjekk opp med 1,8 prosent frå juni til august samanlikna med dei tre månadene før. Dette hang saman med ein oppgang innan norsk næringsmiddelindustri, medan produksjonen i norsk møbelindustri gjekk ned.

Nedgang for innsatsvarer

Det var ein nedgang på 0,4 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå juni til august samanlikna med perioden før. Marknads- og konkurransetilhøve verka framleis negativt inn på produksjonen i treforedling og delar av metallindustrien som gjekk ned i denne siste perioden. Gummivare- og plastindustrien og produksjonen av kjemiske råvarer hadde ein liten auke.

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 0,2 prosent frå juni til august i år samanlikna med dei tre månadene før. Endringane i produksjonen av innsatsvarer har hatt størst innverknad på dette.

Sesongjustering

Sesongjustering av seriar for hovudaggregat, som til dømes industrien, skjer direkte i produksjonsindeksen. Dette er etter tilråding frå det europeiske statistikksamarbeidet som Noreg er ein del av. Sesongmønsteret til ein slik serie kan vere noko annleis enn til dømes i seriar etter varetypar.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 2,6 prosent frå juli 2005 til juli 2006, viser vekekorrigerte tal frå produksjonsindeksen for industrien. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 3,2 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. August 2006. Prosentvis endring
 
 Vekekorrigert 1Sesongjustert
     August 2005-
august 2006
    Januar 2005-august 2005 -
Januar 2006-august 2006
    Juli 2006-
    august 2006
    Mars 2006-mai 2006 -
juni 2006-august 2006
 
Totalindeksen-2,7-1,31,2-0,2
     
Olje- og gassutvinning-6,3-3,41,9-0,1
Industri6,14,00,30,2
Kraftforsyning-10,8-6,20,2-3,6
     
Etter varetype    
Innsatsvarer3,82,72,1-0,4
Investeringsvarer12,89,4-0,32,3
Konsumvarer3,10,0-0,61,8
Energivarer-7,5-3,72,4-0,4
 
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.
 

Tabeller