24196_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24196
Svak nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2002-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i industriproduksjonen

Det har vore ein liten nedgang i norsk industriproduksjon frå oktober til november i år, viser sesongjusterte tal. Dette gjeld både produksjon av konsumvarer, investeringsvarer og innsatsvarer.

Produksjonen av næringsmiddel har hatt ein nedgang på 2,3 prosent frå oktober til november, viser sesongjusterte tal. Dette heng mellom anna saman med ei svak utvikling innan produksjon av fisk og fiskevarer. Dei sesongjusterte tala syner og ein ny nedgang i produksjonen av innsatsvarer frå oktober til november. Dette gjeld metallindustrien og innan kjemiske råvarer, og kjem etter ein klår auke frå september til oktober i år.

Endringar siste 12 månader - liten nedgang i industriproduksjonen

Det har vore ein nedgang på 0,6 prosent i industriproduksjonen frå november i fjor til november i år, viser vekekorrigerte tal. I produksjonen av oljeplattformer og innan maskinindustrien har det vore ei positiv utvikling, medan treforedling og metallindustri har hatt ein nedgang. Desse endringane gjer at produksjonen av innsatsvarer framleis er svakare enn i same periode i fjor, medan produksjonen av investeringsvarer er større enn i november 2000. Dersom vi ser på dei 11 første månadene av 2001 har det vore ein nedgang på 0,8 prosent i norsk industriproduksjon samanlikna med tilsvarande månader i 2000.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2001. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Nov. 2000-nov. 2001 Jan. 2000-nov. 2000 - jan. 2001-nov. 2001 Okt. 2001-nov. 2001 Forrige 3 md.
Totalindeksen -1,4 -0,4 -2,3 1,1
         
Olje- og gassutvinning -4,1 1,3 -5,6 2,6
Industri -0,6 -0,8 -0,3 -0,3
Kraftforsyning 0,9 -11,0 5,9 0,6
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -3,1 -1,9 -0,5 -0,6
Investeringsvarer 1,9 0,3 -0,8 -0,6
Konsumvarer -0,3 0,3 -1,0 -1,3
Energivarer -2,9 -0,5 -2,9 2,5
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.