24288_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24288
Svak auke innan industrien
statistikk
2001-03-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke innan industrien

Industrien hadde ein auke i produksjonen på om lag 1 prosent frå desember 2000 til januar 2001, viser sesongjusterte tal. Dette kjem etter ein nedgang på slutten av fjoråret. Dei seks siste månadene har nedgangen innan industrien vore på 1 prosent, viser sesongjusterte tal.

Produksjonen innan nærings- og nytingsmiddelindustrien auka frå desember til januar, viser sesongjusterte tal, medan det har vore ein nedgang på om lag 1 prosent dei siste seks månadene. Dette er knytt til ein svak etterspurnad frå den norske marknaden. Fleire av verkstadnæringane kan også vise til ein liten auke inn i det nye året. Dette heng saman med ein viss betring av etterspurnaden gjennom siste del av 2000. Produksjonsveksten er førebels ikkje spesielt stor, og for plattformindustrien har det i det siste halve året vore ein nedgang på om lag 5 prosent. Sesongjusterte tal viser elles at produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ein auke på om lag 1 prosent frå desember til januar, og ein auke med om lag 2 prosent gjennom dei seks siste månadene. Samla produksjon av innsatsvarer har hatt ei noko betre utvikling enn investeringsvarer, men begge har hatt nedgang gjennom dei seks siste månadene, viser sesongjusterte tal.

Vekekorrigerte endringstal

Vekekorrigerte tal for industrien viser at det har vore ein nedgang på om lag 5 prosent frå januar 2000 til januar i år. Desse endringstala tek ikkje omsyn til at 1. nyttårsdag i 2001 var på ein måndag, medan den i 2000 var på ein laurdag. Dette har virka inn på dei vekekorrigerte endringstala.

Ny kategori: Oljeraffinering og kjemisk industri

Publisering av eigne tal for oljeraffinering og kjemisk industri er fjerna frå og med januar 2001. Dette er gjort av omsyn til konfidensialitet for oppgåvegjevarar innan oljeraffinering. Det er difor laga eit nytt aggregat som heiter oljeraffinering og kjemisk industri, der tal for desse næringane er slått saman.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2001. Prosentvis endring
  Ukekorrigert1 Sesongjustert
  Januar 2000-januar 2001 Desember 2000-januar 2001 Forrige 3 md.
Totalindeksen -0,3 -1,2 -0,5
       
Olje- og gassutvinning 4,2 -0,1 1,0
Industri -5,4 1,2 -1,0
Kraftforsyning 0,8 -1,3 -4,9
       
Etter varetype      
Innsatsvarer -4,2 1,3 -1,3
Investeringsvarer -8,0 1,1 -1,8
Konsumvarer -3,9 2,7 0,4
Energivarer 3,8 0,7 -0,8
1  Omregnet til standardmåned og korrigert for ulike antall arbeidsdager per uke.