Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i 1. halvår
Det har vore ein nedgang på 2,6 prosent i industriproduksjonen gjennom 1. halvår samanlikna med tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Verkstadindustrien har hatt ein klår nedgang, medan delar av den tradisjonelle eksportindustrien har hatt ei positiv utvikling.
Transportmiddel- og metallvareindustrien har hatt den svakaste utviklinga i verkstadnæringane knytt til ein svak etterspurnad frå den norske marknaden. I eksportindustrien har produksjonen av ikkje-jernhaldige metall hatt ei god utvikling. Her har det vore ein auke på om lag 4 prosent gjennom dei seks første månadene i år, samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Samla produksjon av innsatsvarer var likevel om lag 2 prosent lågare i 1. halvår i år samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal.
Olje- og gassutvinning
Samla olje- og gassutvinning, inkludert tenester til næringa, var om lag 7 prosent høgare i 1. halvår i år samanlikna med tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Sesongjusterte tal viser ein nedgang på om lag 5 prosent frå mai til juni i år. Dette er knytt til aktiviteten i leiteboringa etter olje og gass som var svært låg i juni samanlikna med mai, og ein noko lågare oljeproduksjon frå enkelte felt.
Endringstal
Det har vore ein sesongjustert nedgang i industriproduksjonen på om lag 2 prosent frå mai til juni i år. Sesongjusterte og vekekorrigerte endringstal har ikkje teke omsyn til driftsstans i samband med Kristi himmelfartsdag og i pinsa. Desse heilagdagane var i år i juni, medan dei var i mai i fjor. Vekekorrigerte endringstal viser at det vore ein nedgang på 6,6 prosent frå juni i fjor til juni i år.
| Produksjonsindeksen for industrien. Juni 2000. Prosentvis endring |
| Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Juni 1999-juni 2000 |
Januar 1999-juni 1999-
januar 2000-juni 2000 |
Mai 2000-juni 2000 | Forrige 3 md. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Totalindeksen | 1,2 | 3,8 | -4,5 | -1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Olje- og gassutvinning | 4,7 | 6,8 | -4,7 | -1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Industri | -6,6 | -2,6 | -1,9 | -3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kraftforsyning | 24,4 | 20,9 | -2,0 | 6,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Innsatsvarer | -5,6 | -2,2 | -0,6 | -3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Investeringsvarer | -9,9 | -5,5 | -1,0 | -4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Konsumvarer | -6,3 | -0,7 | -6,3 | -2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Energivarer | 7,2 | 8,1 | -5,2 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no