24393_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24393
Små endringar i industrien
statistikk
2000-03-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Produksjonen i industrien viste ein vekekorrigert nedgang på 0,4 prosent i januar samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Produksjonen auka med 0,4 prosent frå desember i fjor til januar i år målt i sesongjusterte tal.

Utviklinga i industrien er noko mindre negativ i januar enn til dømes i 4. kvartal 1999. Etter dette har nokre skipsverft fått større ordrar, og i deler av plattformnæringa har den eksisterande aktiviteten blitt trekt noko ut i tid. Ordresituasjonen for tradisjonell verkstadindustri og investeringsutviklinga knytt til feltutbygging i Nordsjøen vil vere styrande for den vidare aktiviteten. Omstillingar i norsk gjødselproduksjon og tekniske problem har redusert produksjonen innanfor kjemiske råvarer i januar.

Vekst i delar av industrien

Metallindustrien har hatt ei betre utvikling gjennom 1999 og inn i år 2000 knytt til ein god eksportretta etterspurnad. Produksjonen av aluminium har hatt ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Også gummivare- og plastindustrien og mineralproduktindustrien har hatt ein auke frå desember til januar.

Energivarer trekkjer ned totalindeksen

Ein sesongjustert nedgang på om lag 4 prosent i olje- og gassutvinninga frå desember til januar trekkjer totalindeksen ned. Dette skjer hovudsakleg gjennom ein noko lågare oljeproduksjon.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2000. Prosentvis endring
  Vekekorrigert1 Sesongjustert
  Januar 1999-
januar 2000
Januar-januar 1999-
januar-januar 2000
Desember 1999-
januar 2000
Forrige 3 md.
Totalindeksen 2,6 2,6 -1,4 3,0
         
Olje- og gassutvinning          4,3 4,3 -3,9 5,4
Industri -0,4 -0,4 0,4 0,6
Kraftforsyning 12,2 12,2 1,3 5,0
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 2,2 2,2 0,7 1,2
Investeringsvarer -2,7 -2,7 5,4 -3,2
Konsumvarer -1,5 -1,5 -0,7 1,0
Energivarer 4,4 4,4 -3,1 3,9
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.