24461_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24461
Svak produksjonsutvikling
statistikk
1999-08-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak produksjonsutvikling

Industriproduksjonen gjekk ned med om lag 1 prosent frå 1. til 2. kvartal i år viser sesongjusterte tal. Svakare utvikling i næringsmiddelindustrien, raffineria og deler av eksportindustrien ligg bak utviklinga. Frå mai til juni auka industriproduksjonen med 2 prosent etter ein noko sterkare nedgang i mai.

Industriproduksjonen for 1. halvår viser ein nedgang på 1,4 prosent dersom ein samanliknar med vekekorrigerte tal for same periode i fjor. Sesongjusterte tal viser ein oppgang frå mai til juni på 2 prosent, etter ein relativt sterk nedgang på 3 prosent frå april til mai. Ser ein på kvartalsutviklinga gjekk industriproduksjonen ned med om lag 1 prosent (sesongjusterte tal) frå 1. til 2. kvartal, etter nedgang også i dei to føregåande kvartala. Biletet av ein svak produksjonsutvikling for industrien finn også støtte i annan statistikk. For mange sektorar er situasjonen prega av auka konkurranse og svakare ordretilgang.

Produksjonsindeksen for industrien, juni 1999. Prosentvis endring
Vekekorrigerte1 Sesongjustert
Juni 98-juni 99 Jan.-juni 98-
jan.-juni 99
Mai 99-
juni 99
Førre 3 md.
Totalindeksen -3,6 -2,8 -0,3 -0,9
         
Olje- og gassutvinning -7,0 -5,3 -2,1 -2,4
Industri -0,9 -1,4 2,0 -0,9
Kraftforsyning 12,2 4,1 5,7 6,3
         
Etter varetype        
  Innsatsvarer -0,4 -1,9 2,0 -0,4
  Investeringsvarer 1,9 1,2 1,9 0,4
  Konsumvarer -2,3 -3,0 0,8 -1,7
  Energivarer -4,3 -3,8 0,9 -0,6

1Omrekna til standardmånad og korrigert for ulikt tal arbeidsdagar per veke.

Om utviklinga innan industrien

Næringsmiddelindustrien har hatt ein nedgang på om lag 3 prosent frå mai til juni. Dette heng mellom anna saman med mangel på råstoff til produksjon av fiskemjøl. For gummi- og plastindustrien har store svingingar i ordresituasjonen på kort sikt virka inn på produksjonen.

Svak vekst i eksporten av tradisjonelle varer har virka inn på utviklinga i råvareindustrien så langt i 1999. Her er det berre metallindustrien som kan vise til vekst frå 1. til 2. kvartal.

Verkstadnæringane har hatt ein sesongjustert auke frå mai til juni, etter ein periode med sesongjustert nedgang. Aktiviteten i desse næringane er enno ganske høg. Plattform og transportmiddelindustri har hatt ein auke frå 1. til 2. kvartal, etter ein klar nedgang frå 4. kvartal i fjor til 1. kvartal i år.

Lågare olje- og gassutvinning

Olje- og gassutvinninga har hatt ein sesongjustert nedgang på 2,1 prosent frå mai til juni. Dette er knytt til stans for vedlikehald på fleire felt. Olje- og gassproduksjonen var i juni 7,0 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor, dersom vi ser på vekekorrigerte tal. Leiteaktiviteten etter olje og gass i Nordsjøen har vore klart større i juni enn tidlegare i år.

Det har elles vore ein sesongjustert auke i kraftproduksjonen på 5,7 prosent frå mai til juni. Dersom vi samanliknar vekekorrigert statistikk var produksjonen i juni om lag 12 prosent høgare enn på same tid i fjor.

Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) viste ein nedgang på 0,3 prosent frå mai til juni, der svak utvikling for industrien og lågare produksjon av olje- og gass eit stykke på veg er kompensert av auka produksjon av elektrisk kraft.

Frigitt 6. august 1999 (C) Statistisk sentralbyrå