91766
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
91766
Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2013-01-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 9,5 milliardar liter i 2012. Dette er ein liten reduksjon på 0,8 prosent, eller 79 millionar liter, samanlikna med 2011. Salet sank for fyringsprodukt og bensin, medan det auka for autodiesel, marine gassoljer og jetdrivstoff.

Total sal av petroleumsprodukt. 1995-2012. millionar liter

Salet av autodiesel stod for nesten 38 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt i 2012, og det samla salet enda på 3,6 milliardar liter. Dette var ein auke på 3,7 prosent, eller 128 millionar liter, frå 2011.

Salet av bilbensin enda på 1,4 milliardar liter, ein reduksjon på 6,5 prosent eller 97 millionar liter frå 2011. Bilbensin stod for 14,6 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2012. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 0,6 prosent eller 31 millionar liter. Salet av autodiesel og bilbensin stod for 52,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Ein liter 95 oktan bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,75 kroner, medan ein liter 98 oktan kosta 15,24 kroner i 2012. Dette er ein auke på høvesvis 80 og 82 øre. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 13,22 kroner i 2012, ein auke på 11 øre frå 2011.

Reduksjon i salet av fyringsprodukt

Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin vart redusert med 17,2 prosent frå 2011 til 2012, og ligg nå på det lågaste nivået sidan 1995. Salet enda på om lag 384 millionar liter, fordelt på 341 millionar liter lett fyringsolje og 43 millionar liter fyringsparafin. I 2012 kosta ein liter fyringsolje i gjennomsnitt 10,11 kroner, dette er 41 øre meir enn i 2011.

Sal av fyringsparafin og lette fyringsoljer. 1995-2012. Millionar liter

Sal av bensin og diesel. 1995-2012. Millionar liter

Andre produkt

Salet av jetdrivstoff enda på om lag 1 milliard liter i 2012. Dette er ein auke på 3,8 prosent. Salet av jetdrivstoff utgjorde 10,5 prosent av samla sal av petroleumsprodukt.

Marine gassoljer blir som drivstoff i skipsdieselmotorar og utgjorde om lag 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet enda på om lag 1,9 milliardar liter i 2012, ein auke på 2,3 prosent frå året før. Salet av marine gassoljer har holdt seg stabilt dei ti siste åra.

I Noreg har tung fyringsolje har hatt en markant nedgang i salet dei siste tiåra, men blir framleis nytta i industrien. Salet enda på 277 millionar liter i 2012, noko som er 78 millionar liter mindre enn i 2011. Salet av smørjemiddel utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2012 vart det selt om lag 62 millionar liter, ein reduksjon på 14,6 prosent.

Blant dei andre produkta, auka salet av tungdestillat og bitumen, medan salet av LPG, NGL og flybensin vart redusert.

Liten auke i salet frå desember 2011 til desember 2012

Det samla salet av petroleumprodukt enda på 730 millionar liter i desember 2012. Dette er ein liten auke på 0,7 prosent samanlikna med desember i 2011.

Salet av lette fyringsoljer auka i desember 2012 samanlikna med året før. Det vart selt 44 millionar liter, ein auke på 30,2 prosent og tilsvarar om lag 10 millionar liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 9,73 kroner, 18 øre mindre enn i desember 2011.

Salet av autodiesel enda på 306 millionar liter, ein auke på 8 prosent. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 9,6 prosent og enda på 103 millionar liter. Prisen på autodiesel vart redusert med 23 øre frå desember 2011, og kosta i gjennomsnitt 12,90 kroner i desember 2012. Ein liter 95 oktan blyfri bensin kosta 14,21 kroner, medan ein liter 98 oktan blyfri kosta 14,75 kroner i fjor. Dette tilsvara ein auke på høvesvis 41 og 58 øre per liter.

Utkjøyringsdagar:

Det var 19 utkjøyringsdagar i desember i 2012, medan det i desember 2011 var 21.

Endelege tal for sal av petroleumsprodukt 2012 vil bli publisert måndag 25. mars, saman med tal for sal av biodrivstoff i 2012.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB