90544_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
90544
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2012-12-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffnovember 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var 798 millionar liter i november 2012. Dette er ein nedgang på 1,1 prosent samanlikna med november 2011.

Salet av autodiesel og bilbensin står for over halvparten det totale salet av petroleumsprodukt. Det vart selt 311 millionar litar autodiesel i november 2012, noko som er ein auke på 0,6 prosent samanlikna med november året før.

Salet av bensin var på 107 millionar liter. Det er ein reduksjon på 3,5 prosent frå i fjor. Ein liter autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,02 kroner i november i år, ein reduksjon på 17 øre samanlikna med november i fjor. Prisen for ein liter 95 oktan blyfri bensin auka med 50 øre, og var i november på 14,32 kroner.

Det vart selt 36 millionar liter lett fyringsolje i november 2012, ein auke på 12,1 prosent samanlinka med november året før. Denne auka kan sjåast i samanheng med den rekordvarme månadstemperaturen for Noreg i november 2011. Prisen på ein liter fyringsolje i november 2012 var 9,90 kroner, ein reduksjon på 19 øre frå året før.

Det totale salet av marine gassoljer enda på 155 millionar liter. Det er ein reduksjon på 2,3 prosent. Salet av jetdrivstoff var på 85 millionar liter, ein auke 2,9 prosent frå november i fjor.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i november i år, same som i november 2011.

Tabeller: