90542_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
90542
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2012-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffoktober 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var 869 millionar liter i oktober 2012. Dette var ein auke på 3,5 prosent samanlikna med i oktober i fjor. Salet av autodiesel og bilbensin var 446 millionar liter i oktober, ein auke på 2,5 prosent fra 2011.

Det vart selt 331 millionar liter autodiesel i oktober i år. Dette var ein auke på 19 millionar liter, eller 6,1 prosent, fra i fjor. Salet av autodiesel stod aleine for 38 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I oktober i år kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 13,21 kroner, 19 øre meir enn i oktober i fjor.

Redusert bilbensinsal

Det toale salet av bilbensin låg på 115 millionar liter. Dette var ein reduksjon på om lag 8 millionar liter, eller 6,4 prosent, fra året før. I oktober i år kosta ein liter 95 oktan blyfri bensin i gjennomsnitt 14,85 kroner, ein auke på 90 øre samanlikna med oktober 2011. Ein liter med 98 oktan blyfri bensin kosta 15,52 kroner i gjennomsnitt, ein auke på 1,08 kroner.

Stabilt sal av fyringsprodukt

Det samla salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin enda på om lag 36 millionar liter i oktober, dette er ein liten auke på rett under ein halv million liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 10,27 kroner i oktober, ein auke på 60 øre fra året før.

Marine gassoljer utgjorde rett under 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Det totale salet av marine gassoljer enda på 170 millionar liter, ein auke på 2 millionar liter eller 1,3 prosent. Salet av jetdrivstoff var på 95 millionar liter, ein auke på 12 millionar liter eller 14,5 prosent, fra oktober i fjor

Utkjøyringsdagar:

Det var 23 utkøyringsdagar i oktober i år, i oktober 2011 var det 21.

Tabeller: