66119
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
66119
Liten auke i salet av drivstoff
statistikk
2012-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i salet av drivstoff

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 736 millionar liter i februar i år. Dette er ein liten auke på 1,8 prosent, eller om lag 13 millionar liter, frå februar 2011.

Totalt hadde salet av autodiesel og bensin ein auke på 1,6 prosent, eller om lag 9 millionar liter, frå februar 2011 til februar 2012. Det samla salet av autodiesel var 284 millionar liter, dette er ein auke på 5,2 prosent eller 14 millionar liter. Salet av autodiesel stod for om lag 39 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin stod for om lag 14 prosent av det totale salet. Salet av bilbensin vart redusert med 5 prosent, eller 5,3 millionar liter, frå februar i fjor og enda på om lag 105 millionar liter.

Auke i prisen på bensin og diesel

Prisen på bilbensin 98 oktan blyfri auka med 8,7 prosent frå februar i fjor og kosta i gjennomsnitt 15,05 kroner i februar i år. Prisen på ein liter 95 oktan blyfri auka med 9,5 prosent, og enda på 14,71 kroner i gjennomsnitt. Ein liter avgiftspliktig diesel auka med 4,2 prosent og kosta i gjennomsnitt 13,54 kroner.

Reduksjon i salet av fyringsprodukt

Det vart selt 45 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i februar 2012. Dette er ein reduksjon på 19 millionar liter, eller 29,5 prosent, samanlikna med februar 2011. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 10,32 kroner i februar 2012, ein auke på 9,9 prosent frå same tid året før.

Auka sal av jetdrivstoff og marine gassoljer

Salet av marine gassoljer stod for 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, med 144 millionar liter, i februar 2012. Dette er ein auke på 9,7 prosent samanlikna med februar 2011. Det vart selt 70,6 millionar liter jetdrivstoff, ein auke på 2,3 prosent.

Utkjøyringsdagar:

Det var 21 utkjøyringsdagar i februar i 2012, i februar 2011 var det 20.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB