66117
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
66117
Reduksjon i salet av fyringsprodukt
statistikk
2012-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i salet av fyringsprodukt

I januar 2012 enda det totale salet av petroleumsprodukt på 737 millionar liter. Det er ein reduksjon på 6,1 prosent, eller 48 millionar liter, samanlikna med januar sist år. Salet av fyringsprodukt vart kraftig redusert.

Samla vart det selt om lag 42 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i januar. Det er ein reduksjon på 34 millionar liter, eller 44,9 prosent, samanlikna med januar 2011. Ein liter fyringsolje kosta 10,45 kroner i gjennomsnitt, ein auke på 14,8 prosent.

Meir diesel, mindre bensin og auka prisar

Salet av autodiesel stod for 39 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar og enda på 286 millionar liter. Frå året før er det ein auke på 5,6 prosent, eller 15 millionar liter. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 5,7 prosent og enda på 108 millionar liter, 6,6 millionar liter mindre enn i januar 2011. Salet av bilbensin stod for 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 2,2 prosent, eller om lag 9 millionar liter.

Prisen på bilbensinen 98 oktan blyfri auka med 7,1 prosent frå januar sist år og kosta i gjennomsnitt 14,71 kroner i 2012. Ein liter 95 oktan blyfri enda på 14,36 kroner, ein auke på 7,7 prosent. Avgiftspliktig diesel auka med 4,4 prosent, og kosta i gjennomsnitt 13,25 kroner for kvar liter.

Salet av marine gassoljer utgjorde 21 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar og enda på 156,5 millionar liter. Det er ein marginal auke på 0,3 prosent. I 2012 vart det selt om lag 74 millionar liter jetdrivstoff, ein auke på 6,6 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i 2012, medan det i januar 2011 var 21.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB