56440
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
56440
Redusert sal av petroleumsprodukt i 2011
statistikk
2012-01-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt i 2011

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 9,5 milliardar liter i 2011. Dette er ein reduksjon på om lag 300 millionar liter, eller 3 prosent, samanlikna med 2010. Salet sokk for mange av produkta, unntaket var autodiesel og marine gassoljer.

Total sal av petroleumsprodukt. 1995-2011. Millionar liter

Det samla salet av autodiesel enda på 3,5 milliardar liter i 2011, og stod for 36,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet auka med 3 prosent, eller 100 millionar liter, frå 2010 til 2011. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 13,10 kroner i 2011, ein auke på 1,34 kroner.

Salet av bilbensin vart redusert med 133 millionar liter og enda på 1,5 milliardar liter. Dette er ein reduksjon på 8,2 prosent. Bilbensin stod for 15,6 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2011. Ein liter 95 oktan bilbensin kosta i gjennomsnitt 13,95 kroner og ein liter 98 oktan 14,42 kroner. Dette er ein auke på høvesvis 1,26 og 1,30 kroner. Høgare prisar på drivstoff kan sjåast i samanheng med auka råoljeprisar.

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, vart salet redusert med 32 millionar liter, eller 0,7 prosent, og stod for om lag 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Sal av bensin og diesel. 1995-2011. Millionar liter

Sal av biodrivstoff 2011

Det vart i 2011 selt om lag 2,6 milliardar liter avgiftspliktig autodiesel. Av dette var 139 millionar liter rein biodiesel, syner oppgåver innhenta om salet av biodrivstoff. Dette gjer ein biodiesel del på 5,3 prosent. Det vart vidare selt 16 millionar liter bioetanol i 2011, som utgjorde 1,7 prosent av det totale bilbensinsalet. Dette salet synte ein auke frå 2010 da andelen utgjorde om lag 0,6 prosent.

Ser ein på bilbensin og avgiftspliktig autodiesel samla, var salet på 4,1 milliardar liter. 155 millionar av dette var biodrivstoff. Dette gjer ein samla biodrivstoffdel på 3,8 prosent i 2011. I 2010 var delen på 3,7 prosent.

Reduksjon i salet av fyringsprodukt

Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin vart redusert med heile 27,9 prosent frå 2010 til 2011, og ligg nå på det lågaste nivået sidan 1995. Salet enda på 461 millionar liter. Politiske tiltak, låge strømprisar og mild temperatur dei siste månadane i 2011 kan vere medverkande årsaker til reduksjonen. Som for bensin og diesel har høgare råoljeprisar ført til at prisen på fyringsoljer har stige. I 2011 kosta ein liter i gjennomsnitt 9,71 kroner, 1,51 kroner meir enn i 2010.

Sal av fyringsparafin og lette fyringsoljer. 1995-2011. Millionar liter

Andre produkt

Salet av jetdrivstoff enda på 933 millionar liter i 2011. Dette er ein reduksjon på 4,3 prosent. Salet av jetdrivstoff utgjorde 9,8 prosent av samla sal av petroleumsprodukt.

Marine gassoljer blir brukte som drivstoff i skipsdieselmotorar og utgjorde om lag 19,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet enda på om lag 1,9 milliardar liter i 2011, ein auke på 2,9 prosent frå året før. Salet av marine gassoljer har heldt seg stabilt dei ti siste åra.

Tung fyringsolje har hatt ein markant nedgang i salet i Noreg dei siste tiåra, men blir framleis brukt i industrien. Salet enda på 335 millionar liter i 2011, som er 33 millionar liter mindre enn i 2010. Salet av smøremiddel utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2011 vart det selt 64 millionar liter, ein reduksjon på 6,4 prosent.

Blant dei andre produkta, LPG, LNG, flybensin, tungdestillat og bitumen, auka salet av LPG og bitumen, medan salet av tungdestillat vart redusert.

Kraftig reduksjon frå desember 2010 til desember 2011

Det samla salet av petroleumprodukt enda på 724 millionar liter i desember 2011. Dette er ein reduksjon på 15,5 prosent samanlikna med desember i 2010. Alle petroleumsprodukta hadde reduksjon i salet i desember, med unntak av marine gassoljar som auka med 0,6 prosent.

Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin vart redusert med heile 62,1 prosent og enda på om lag 39 millionar liter. Utviklinga kan sjåast i samanheng med låge strømprisar og milde temperaturar samanlikna med desember 2010. Ein liter fyringsolje kosta 1,13 kroner meir i desember 2011 enn i desember 2010.

Salet av autodiesel enda på 283 millionar liter, ein reduksjon på 7,7 prosent. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 11,7 prosent og enda på 115 millionar liter. Prisen på autodiesel auka med 0,32 kroner frå desember 2010, og kosta i gjennomsnitt 12,91 kroner i desember 2011. Ein liter 98 oktan blyfri bensin kosta 14,17 kroner, og ein liter 95 oktan blyfri kosta 13,80 kroner. Dette tilsvara ein auke på høvesvis 0,51 og 0,58 kroner.

Utkøyringsdagar

Det var 21 utkøyringsdagar i desember i 2011, medan det i desember 2010 var 23.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB