54376
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54376
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2011-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 806 millionar liter i november 2011. Dette er ein reduksjon på 7,6 prosent samanlikna med november 2010.

Salet av avgiftsfri og avgiftspliktig autodiesel har auka jamt dei siste åra, men i november 2011 gjekk salet ned med 3,4 prosent samanlikna med november 2010. Salet enda på 310 millionar liter. Ein liter autodiesel kosta 13,18 kroner, ein auke på 8,6 prosent sia sist år. Salet av bilbensin enda på 111 millionar liter, ein reduksjon på 9,2 prosent. Prisane på bilbensin var 14,31 kroner for ein liter 98 blyfri oktan og 13,83 kroner for ein liter blyfri 95 oktan. Dette er ein auke på høvesvis 9 og 8,4 prosent frå november 2010.

Mindre fyringsprodukt

Det samla salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer enda på 38 millionar liter, ein reduksjon på heile 39,7 prosent samanlikna med november 2010. Høg gjennomsnittstemperatur og lågare strømprisar kan være årsaker til det reduserte salet. Prisen på ein liter fyringsolje har auka med 19,8 prosent sia sist år og var på 10,09 kroner i november 2011.

Meir marine gassoljer og mindre jetdrivstoff

Det vart selt 159 millionar liter marine gassoljer i november, ein auke på 2,3 prosent. Salet av jetdrivstoff gjekk ned med 7,9 prosent og enda på 83 millionar liter.

Utkjøyringsdagar:

Det var 22 utkjøyringsdagar i november i år, det same som i november 2010.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB