54374
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54374
Stabilt sal av petroleumsprodukt
statistikk
2011-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 839 millionar liter i oktober i år. Dette er ein liten reduksjon på 2 millionar liter samanlikna med oktober sist år.

Salet av autodiesel auka med 16 millionar liter, medan salet av bilbensin hadde ein reduksjon på om lag 8 millionar liter.

Auke for autodiesel

Det vart selt 312 millionar liter autodiesel i oktober. Dette er ein auke på 5,5 prosent. Salet av autodiesel stod aleine for 37 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I oktober i år kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 13,02 kroner. Det er 1,17 kroner meir enn i oktober sist år.

Reduksjon i totalt sal av bilbensin

Det totale salet av bilbensin enda på 123 millionar liter i oktober. Dette er ein reduksjon på 5,9 prosent. Ein liter 95 oktan blyfri bensin kosta i gjennomsnitt 13,95 kroner i oktober i år. Det er ein auke på 1,38 kroner samanlikna med oktober 2010. Ein liter med 98 oktan blyfri bensin kosta 14,44 kroner i gjennomsnitt, ein auke på 1,46 kroner. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 8,6 millionar liter, eller 2 prosent.

Mindre fyringsprodukt

Det samla salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin enda på 35 millionar liter i oktober. Dette er 8,6 millionar liter mindre enn i oktober sist år og tilsvarte ein reduksjon på 19,6 prosent. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 9,67 kroner i oktober, ein auke på 1,50 kroner.

Marine gassoljer utgjorde 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det totale salet enda på 168 millionar liter. Dette var ein auke på 11 millionar liter eller 7 prosent. Salet av jetdrivstoff var på 83 millionar liter, ein reduksjon på 2,5 millionar liter eller litt under 3 prosent.

Utkjøyringsdagar:

Det var 21 utkøyringsdagar i oktober i år, det same som i oktober 2010.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB