54372_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54372
Reduksjon i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2011-10-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 7,1 milliardar liter i dei ni første månadane i år. Dette er ein reduksjon på om lag 131 millionar liter samanlikna med same periode i fjor.

Sal av bensin og diesel. Januar-september 2000-2011. Millionar liter

Medan salet på petroleumsprodukt vart redusert med 1,8 prosent, held veksten i salet av autodiesel fram og var over dobbelt så høgt som salet av bensin.

Totalt sal av autodiesel auka med 119 millionar liter

Tal for dei tre første kvartala i år syner ein auke i salet av autodiesel på 4,9 prosent samanlikna med same periode sist år. Det totale salet enda på om lag 2,6 milliardar liter, ein auke på 119 millionar liter. Salet av autodiesel stod aleine for 36 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på prisutviklinga i same periode har prisen på ein liter autodiesel stige med 1,50 kroner. I perioden januar-september i år kosta den i gjennomsnitt 13,11 kroner, medan sist år var prisen i gjennomsnitt 11,611 kroner.

Sal av bilbensin ned 99 millionar liter

Total sal av petroleumsprodukt. Januar-september 2000-2011. Millionar liter

Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter bilbensin i dei ni første månadane i år. Det er ein reduksjon på 99 millionar liter eller 7,9 prosent. Salet av bilbensin stod for 16 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I gjennomsnitt har prisen på ein liter 98 oktan bensin auka med 1,38 kroner, og ein liter 95 oktan har auka med 1,33 kroner, frå perioden januar til september 2010 mot same periode i år.

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla var det ein liten auke frå sist år på 0,5 prosent eller 20 millionar liter. Samla stod salet av autodiesel og bilbensin for 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Reduksjon for fyringsparafin, auke for marine gassoljer

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart redusert med 18,9 prosent, eller 82 millionar liter, dei tre første kvartala i år, og enda på 349 millionar liter. Prisen på fyringsolje auka med 1,53 kroner og den kosta i gjennomsnitt 9,65 kroner per liter.

Salet av marine gassoljer enda på 1,4 milliardar liter, dette er ein auke på 2,8 prosent. Salet av marine gassoljer stod for 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av jetdrivstoff enda på 659 millionar liter, dette er ein reduksjon på 7,7 prosent eller 55 millionar liter.

Priser på fyringsolje, bensin og diesel. Januar 2009-september 2010.  Kroner per liter

Salet i september enda på 846 millionar liter

I september enda det totale salet av petroleumsprodukt på 846 millionar liter, ein liten reduksjon på 0,5 prosent samanlikna med september i 2010. Autodiesel salet enda på 298 millionar liter, ein auke på 3,7 prosent. Salet av bilbensin vart redusert med 9,1 prosent og enda på 122 millionar liter. Salet av autodiesel og bensin stod for om lag 50 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i september i år.

1,3 milliardar biodrivstoff selt i 1. halvår

Det vart selt om lag 1,3 milliardar liter avgiftspliktig autodiesel i 1. halvår i år. Oppgåver innhenta frå 1. halvår syner at 63,3 millionar liter var biotilsetningar, dette gjer ein biodel på 5 prosent. Det vart selt 8 millionar liter bioetanol, som utgjorde 1,1 prosent av det totale bilbensinsalet. Dette salet synte ein auke frå 2010 da delen utgjorde om lag 0,6 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i september i år, det same som i september i 2010.


1  Talet blei retta 17. oktober 2011 kl 13.55

Tabeller: