54370
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54370
Uendra sal i august
statistikk
2011-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra sal i august

Samla sal av petroleumsprodukt enda på 875 millionar liter i august. Det er om lag det same som i august 2010. Salet av autodiesel auka, mens salet av bilbensin vart redusert.

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka det med 2,6 prosent, eller om lag 12 millionar liter. Salet enda på 439 millionar liter i august 2010, mens det i år enda på 451 millionar liter. Det vart selt 310 millionar liter autodiesel i august, ein auke på om lag 22 millionar liter. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 10 millionar liter, og enda på om lag 141 millionar liter. Salet av autodiesel og bilbensin stod for 54 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i august.

Prisane på både autodiesel og bensin har auka. Ein liter autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,09 kroner i august i år og ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 14,06 kroner1. Dette er ein auke på høvesvis 1,52 kroner og 1,59 kroner frå august 2010.

Redusert sal av andre produkt

I august vart det selt 87 millionar liter jetdrivstoff, som er ein reduksjon på 6 prosent. Det vart selt 163 millionar liter marine gassoljer, ein liten reduksjon på 0,3 prosent. Salet av marine gassoljer stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Samla vart det selt 2 prosent mindre fyringsparafin og lette fyringsoljer i august 2011 enn i same månaden året før.

Utkjøringsdagar:

Det var 23 utkjøringsdagar i august i år, mens det var 22 i august 2010 .

1  Tallet ble rettet fra 14,60 26. september 2011

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB