54368_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54368
Redusert sal av drivstoff
statistikk
2011-08-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av drivstoff

I juli enda det samla salet av petroleumsprodukt på 765 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 5,1 prosent samanlikna med juli 2010. Salet av autodiesel og bilbensin vart samla redusert med 1,6 prosent.

I juli enda salet av bilbensin på 142 millionar liter. Dette er 15 millionar liter mindre enn i juli sist år. Det vart selt 271 millionar liter autodiesel, ein auke på 8,4 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, vart salet redusert med 7 millionar liter. Salet av bilbensin stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, medan autodiesel stod for 35 prosent.

I juli kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 13,22 kroner, ein auke på 1,52 kroner samanlikna med juli sist år. Ein liter 95-oktan bensin kosta 14,21 kroner og ein liter 98-oktan kosta 14,74 kroner. Dette tilvarer ein prisauke på høvesvis 1,49 og 1,60 kroner.

Det vart selt 161 millionar liter marine gassoljer i juli. Dette er ein liten auke på 0,3 prosent, eller om lag ein halv million liter, frå juli i fjor. Salet av marine gassoljer stod for 21 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av jetdrivstoff enda i juli på 51 millionar liter, og har dermed gått ned 35 millionar liter sidan juli 2010. Det vart selt 20 millionar liter fyringsparafin og lette fyringsoljer i juli i år, ein million liter mindre enn sist år.

Det var 21 utkjøringsdagar i juli 2011, mot 22 i juli 2010.

Tabeller: