54366
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54366
Redusert sal av petroleum i første halvår
statistikk
2011-07-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuni 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleum i første halvår

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 4,7 milliardar liter i 1. halvår 2011. Dette er ein reduksjon på 1,6 prosent samanlikna med 1. halvår sist år. Salet av fyringsprodukt vart redusert med heile 20,5 prosent.

Fleire av tala i artikkelen, den eine figuren og to av tabellane blei retta 20. juli 2011 kl 14.00. Feilen kom av manglar ved innrapporterte tal.

Lette fyringsoljer og fyringsparafin utgjer ein stadig mindre del av det samla salet av petroleumsprodukt. Årsaka er blant anna at det blir nytta alternative kjelder til oppvarming. Salet av fyringsprodukt stod for 7,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i første halvår 2010, mens det vart redusert til om lag 6 prosent i 2011. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer enda på 275 millionar liter, ein reduksjon på 71 millionar liter samanlikna med første halvår 2010.

Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 9,63 kroner i første halvår 2011, ein auke på 1,55 kroner samanlikna med dei seks første månadene sist år.

Priser på fyringsolje, bensin og diesel juni 2009-juni2011 i kroner per liter

Sal av petroleumsprodukt første halvår 2000-2011. Millionar liter

Salet av bensin ned 10,8 prosent

Det vart totalt selt om lag 2,4 milliardar liter bensin og autodiesel i 1. halvår 2011, ein nedgang på 0,4 prosent samanlikna med tilsvarande periode sist år. Bensin og autodiesel stod for omlag 52 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt. Autodiesel utgjorde 36 prosent av dette, og bensin 16 prosent. Det vart selt 1,7 milliardar liter autodiesel i dei seks første månadane av 2011, opp 3,7 prosent frå 1. halvår 2010. Salet av bensin vart redusert med 8,6 prosent og enda på 730 millionar liter. Prisane på bensin og diesel auka med 10,7 prosent 1. halvår i år. Ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 13,91 kroner, og ein liter 98 oktan kosta i gjennomsnitt 14,35 kroner. Det er ein auke på 1,23 kroner for begge kvalitetane frå dei seks første månadane sist år. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 13,13 kroner, ein auke på 1,52 kroner.

Sal av autodiesel i juni

Salet av autodiesel har auka jamt dei siste åra, men i juni 2011 var salet på same nivå som i juni 2010. Salet av bensin gjekk på si side ned 7,1 prosent. Prisen på ein liter diesel har auka med 11,7 prosent sia juni 2010, og låg på 13,16 kroner i juni i år. Prisen på 95 oktan har auka med 11,5 prosent, til 14,26 kroner. Prisen på 98 oktan har auka med 11,3 prosent, til 14,69 kroner per liter. Prisen var omtrent uendra frå mai til juni 2011.

Auke for marine gassoljer og jetdrivstoff

Salet av marine gassoljer utgjorde 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og enda på 901 millionar liter i dei seks første månadene av 2011. Dette er ein auke på 3 prosent. Jetdrivstoff utgjer 10 prosent av totalen, og det vart selt 468 millionar liter første halvår 2011. Det er opp 4,7 prosent frå sist år.

Det var 20 utkjøringsdagar i juni 2011, mot 22 i juni 2010.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB