54364_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54364
Liten auke i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2011-06-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmai 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i salet av petroleumsprodukt

I mai i år vart det selt 800 millionar liter petroleumsprodukt, dette er ein auke på 10,4 millionar liter, eller 1,3 prosent, samanlikna med mai sist år.

Det vart selt 274 millionar liter autodiesel i mai. Dette er ein auke på 4,9 prosent, eller 12,8 millionar liter. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 12,9 prosent, eller 18,4 millionar liter, og enda på 124 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, vart salet redusert med 1,4 prosent, eller 5,7 millionar liter. Salet av autodiesel og bilbensin stod for halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt i mai.

I mai i år kosta ein liter diesel i gjennomsnitt 13,10 kroner. Dette er 1,27 kroner, eller 10,7 prosent, meir enn i mai 2010. Ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 14,29 kroner. Dette er 1,40 kroner meir enn sist år og ein auke på 10,8 prosent. For 98 oktan bensin var prisen 14,81 kroner, ein auke på 1,47 kroner, eller 11,1 prosent.

Andre petroleumsprodukt

Det vart selt 92 millionar liter jetdrivstoff i mai. Dette er ein auke på 7,9 prosent, eller 6,8 millionar liter, frå mai 2010. Salet av marine gassoljer stod for om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt og enda på 155 millionar liter. Dette er 3,3 prosent meir enn i 2010. Salet av fyringsoljer og fyringsparafin var beskjedent og enda på 27 millionar liter. Dette er 3,1 millionar liter mindre enn i 2010 og var ein reduksjon på 10,2 prosent. Ein liter fyringsolje kosta 9,57 kroner, 1,34 kroner meir enn i mai sist år.

Det var 21 utkjøringsdagar i mai i år, i mai 2010 var det 18.

Tabeller: