54362_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54362
Auka sal og høgare prisar
statistikk
2011-05-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal og høgare prisar

I april i år vart det selt 718 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein auke på om lag 3,5 prosent, eller 9,1 millionar liter, samanlikna med april sist år. Prisane på dei ulike petroleumsprodukta held fram å stige i april.

Det vart selt 252 millionar liter autodiesel i april. Dette er 6,5 millionar liter, eller 2,6 prosent, meir enn i april sist år. Salet av bilbensin vart redusert med 6,3 millionar liter, eller 4,9 prosent, og salet enda på 122 millionar liter i april. Ser ein på salet av bilbensin og autodiesel samla var salet i april i år det same som for april sist år, 374 millionar liter.

Høgare drivstoffprisar

Ein liter avgiftspliktig autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,45 kroner. Dette er ein prisauke på 1,65 kroner det siste året og 9 øre meir per liter enn sist månad. Samanlikna med april 2010 har prisen på bilbensin auka med 1,28 kroner for 98 oktan blyfri og 1,27 kroner for 95 oktan blyfri. Gjennomsnittsprisane var på høvesvis 14,65 og 14,23 kroner. Endringane frå mars til april er ei auke på 29 øre for begge produkta.

Andre petroleumsprodukt

Til saman vart det selt 24 millionar liter lette fyringsoljar og fyringsparafin. Dette er ein reduksjon på 22,4 prosent, eller 7 millionar liter, samanlikna med april sist år. Gjennomsnittsprisen på ein liter fyringsolje var på 10,05 kroner i april i år, 1,72 kroner meir enn i april sist år og 15 øre meir enn i mars.

Det vart selt 73 millionar liter jetdrivstoff i april, ein auke på 29,3 prosent samanlikna med april sist år. Salet av marine gassoljar enda på 156 millionar liter, ein auke på 20 millionar liter.

Utkøyringsdagar

Det var 18 utkøyringsdagar i april 2011. I april 2010 var det 19.

Tabeller: