54360_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54360
Redusert sal og auka prisar
statistikk
2011-04-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmars 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal og auka prisar

I 1. kvartal 2011 vart det selt 2,3 milliardar liter petroleumsprodukt. Dette er ein reduksjon på 3,2 prosent, eller om lag 75 millionar liter, samanlikna med 1. kvartal 2010.

Tal for 1. kvartal viser ein kraftig reduksjon i salet av lette fyringsoljer. Det vart i denne perioden selt 174 millionar liter. Dette er ein reduksjon på heile 22 prosent, eller 50 millionar liter, samanlikna med 1. kvartal 2010. Berre i mars aleine vart salet redusert med 31 prosent samanlikna med mars 2010.

Priser på fyringsolje, bensin og diesel mars 2009-mars 2011 i kroner pr liter

Nedgangen i salet kan ein sjå i samanheng med prisoppgangen. Frå mars i fjor til mars i år auka prisen med heile 23 prosent, til 9,90 kroner per liter.

Meir diesel og mindre bensin

Samla sett var salet av bensin og autodiesel omtrent uendra frå 1. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011, med ein oppgang på 0,5 prosent. Til saman stod desse produkta for over halvparten av det samla salet av petroleumsprodukt i årets tre første månader. Dersom ein ser på autodiesel aleine, har salet auka med 5 prosent, frå 797 millionar liter i 1. kvartal 2010 til 837 millionar liter i 1. kvartal 2011. Salet av bensin har derimot vorti redusert med 9 prosent, frå 377 millionar liter i 1. kvartal 2010 til 344 millionar liter i 1. kvartal i år.

Auka drivstoffprisar

Ser ein på prisutviklinga på drivstoff, har det vore ein auke i både bensin- og dieselprisane. Prisen på 98 oktan blyfri var 14,36 kroner i mars 2011. Dette er ein auke på 8,7 prosent samanlikna med mars 2010. Prisen på 95 oktan blyfri har i same periode auka med 9,4 prosent og var 13,94 kroner i mars 2011. Prisen på avgiftspliktig autodiesel var 13,36 kroner i mars 2011. Dette er ein auke på heile 15,4 prosent samanlikna med mars 2010. Frå februar til mars i år auka prisane på 98 oktan blyfri, 95 oktan blyfri og avgiftspliktig autodiesel, med høvesvis 3,7, 3,8 og 2,8 prosent. Auka råoljeprisar som følgje av uro i fleire av dei oljeproduserande landa i Nord-Afrika og Midtausten er ein medverkande faktor.

Jetdrivstoff og marine gassoljer

Salet av jetdrivstoff har hatt ein liten nedgang på 1,5 prosent i 1. kvartal 2011. Det vart selt 216 millionar liter, mot 219 millionar liter i 1. kvartal i 2010. Det vart selt 435 millionar liter marine gassoljer dei tre fyrste månadene av 2011. Dette er ein liten auke på 1,1 prosent samanlikna med dei 430 millionar literane som vart selt i 1. kvartal 2010.

Utkøyringsdagar

Det var 23 utkøyringsdagar både i mars 2011 og i mars 2010.

Tabeller: