54358
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54358
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2011-03-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

I februar i år var det samla salet av petroleumsprodukt på 746 millionar liter, ein reduksjon på 4,9 prosent, eller om lag 38 millionar liter, samanlikna med februar 2010.

Salet av autodiesel og bensin totalt hadde likevel ein auke på 1,6 prosent, eller om lag 6 millionar liter, frå februar 2010 til februar 2011. Det samla salet av autodiesel enda på 272 millionar liter i februar 2011. Dette er ein auke på 5,3 prosent, eller 14 millionar liter, samanlikna med februar 2010. Salet av autodiesel stod for om lag 36 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin stod for om lag 15 prosent av det totale salet. Salet vart redusert med 6,5 prosent og enda på 110 millionar liter, nesten 8 millionar liter mindre enn i februar 2010.

Prisen på bilbensin 98 oktan blyfri auka med 7,8 prosent frå februar sist år og kosta i gjennomsnitt 13,85 kroner i februar i år. Ein liter 95 oktan blyfri hadde ein auke på 9,1 prosent og enda på 13,43 kroner. Ein liter avgiftspliktig diesel auka med 15,8 prosent og kosta i gjennomsnitt 13,00 kroner i februar 2011.

Reduksjon i sal og høgare prisar på fyringsprodukt

Det vart selt 67 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i februar 2011. Dette er ein reduksjon på 20 millionar liter, eller om lag 22,6 prosent, samanlikna med februar 2010. Ein liter fyringsolje kosta 9,39 kroner i gjennomsnitt i februar 2011, ein auke på 23,2 prosent samanlikna med februar 2010.

Nedgang i sal av jetdrivstoff og marine gassoljer

Det vart selt 66 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på nesten 10 prosent samanlikna med februar 2010. Salet av marine gassoljer utgjorde 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i februar med 131 millionar liter. Dette er ein nedgang på 11,3 prosent samanlikna med februar 2010.

Biodrivstoffsalet i 2010

Det vart i 2010 selt 2,5 milliardar liter avgiftspliktig autodiesel. Av dette var 144,2 millionar liter rein biodiesel, syner oppgåver innhenta om salet av biodrivstoff. Dette gjev ein biodieseldel på 5,7 prosent, som er ein auke frå 2009 da delen var på 5,2 prosent. Det vart vidare selt 9,6 millionar liter bioetanol i 2010, som utgjorde 0,6 prosent av det totale bilbensinsalet. Dette salet synte ein klar auke frå 2009 da delen utgjorde om lag 0,1 prosent.

Ser ein på bilbensin og avgiftspliktig autodiesel samla var salet på 4,1 milliardar liter. 154 millionar av dette var biodrivstoff. Dette gjev ein samla biodrivstoffdel på 3,7 prosent i 2010. I 2009 var delen på 3,1 prosent. Kravet til innblanding var 2,5 prosent frå 1. april 2009, og vart auka til 3,5 prosent frå 1. april 2010.

Utkøyringsdagar:

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i 2011, det same som i februar 2010.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB