54356
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
54356
Liten auke i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2011-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 785 millionar liter i januar 2011. Dette er ein liten auke på 1,3 prosent, eller om lag 10 millionar liter, samanlikna med januar sist år.

Salet av autodiesel stod for om lag 35 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar, og enda på 271 millionar liter. Dette er ein auke på 4,9 prosent, eller nesten 13 millionar liter. Samstundes ble salet av bilbensin redusert med 7,1 prosent og enda på 115 millionar liter, nesten 9 millionar liter mindre enn i januar 2010. Salet av bilbensin stod for om lag 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, auka salet med 1 prosent eller om lag 4 millionar liter.

Prisen på bilbensin 98 oktan blyfri auka med 7,6 prosent frå januar sist år, og kosta i gjennomsnitt 13,74 kroner i år. Ein liter 95 oktan blyfri enda på 13,33 kroner, ein auke på 7,7 prosent. Ein liter avgiftspliktig diesel auka med 11,1 prosent, og kosta i gjennomsnitt 12,69 kroner.

Reduksjon i salet av fyringsprodukt

Samla vart det selt 76 millionar liter lette fyringsoljer og fyringsparafin i januar. Dette er ein reduksjon på 14 millionar liter, eller om lag 16 prosent, samanlikna med januar sist år. Ein liter fyringsolje kosta 9,10 kroner i gjennomsnitt, ein auke på 14,5 prosent.

Salet av marine gassoljer utgjorde nesten 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i januar og enda på 156 millionar liter. Dette er ein auke på 21 prosent. Det vart selt 69 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på 3,3 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 21 utkøyringsdagar i januar i 2011, medan det i januar 2010 var 20.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB