84899_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84899
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2012-10-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på litt over 7 milliardar liter i dei ni første månadane i år. Dette er ein reduksjon på om lag 124 millionar liter samanlikna med same perioden i fjor. Medan salet av bilbensin vart redusert med 75 millionar liter, held veksten i salet av autodiesel fram.

Sal av bensin og diesel. Januar-september 2000-2012. Millionar liter

Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, var det ein liten auke frå sist år på 0,1 prosent, eller 3 millionar liter. Samla stod salet av autodiesel og bilbensin for 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Sal av autodiesel opp 77 millionar liter

Tal for dei tre første kvartala i år syner ein auke i salet av autodiesel på 3 prosent samanlikna med same perioden sist år. Det totale salet enda på om lag 2,6 milliardar liter, ein auke på 77 millionar liter. Salet av autodiesel stod aleine for 37 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på prisutviklinga i same perioden, har prisen på ein liter autodiesel stige med 17 øre. I perioden januar til september i år kosta den i gjennomsnitt 13,28 kroner, medan sist år var prisen dei tre første kvartala i gjennomsnitt 13,11 kroner.

Sal av bilbensin ned 75 millionar liter

Det vart selt om lag 1 milliard liter bilbensin i dei ni første månadane i år. Det er ein reduksjon på 75 millionar liter, eller 6,5 prosent. Salet av bilbensin stod for 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Gjennomsnittsprisen for perioden januar-september på ein liter 98 oktan bensin auka med 83 øre frå 2011 til 2012, og tilsvarande har ein liter 95 oktan auka med 88 øre.

Totalt sal av petroleumsprodukt. Januar-september 2000-2012. Millionar liter

Prisar på fyringsolje, bensin og diesel. Januar 2009-september 2012. Kroner per liter

Reduksjon for fyringsprodukta, auke for marine gassoljer og jetdrivstoff

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart redusert med 26,2 prosent, eller 92 millionar liter, dei tre første kvartala i år, og enda på 258 millionar liter. Prisen på fyringsolje auka med 52 øre, og ho kosta i gjennomsnitt 10,16 kroner per liter.

Salet av marine gassoljer enda på 1,4 milliardar liter, dette er ein auke på 3,8 prosent. Salet av marine gassoljer stod for 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av jetdrivstoff enda på 742 millionar liter. Dette er ein auke på 2,5 prosent, eller 18 millionar liter.

831 millionar liter selt i september

I september enda det totale salet av petroleumsprodukt på 831 millionar liter. Det er ein liten reduksjon frå september 2011 på 1,9 prosent. Autodieselsalet enda same månaden på 305 millionar liter, ein auke på 2,3 prosent. Salet av bilbensin vart redusert med 6,2 prosent og enda på 114 millionar liter. Salet av autodiesel og bensin stod for om lag 50 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i september i år.

Utkøyringsdagar

Det var 20 utkøyringsdagar i september i år, i september 2011 var det 22.

Tabeller: